Hopp til innhold

Frykter politileiinga i Stavanger ikkje fortel heile sanninga

Frp reagerer på politileiinga si framstilling av at tiggarmiljøet i Stavanger ikkje skal vera organisert av bakmenn, slik som i Bergen. – Politifolk fortel meg andre versjonar, seier gruppeleiaren i Frp i Stavanger.

Christian Wedler, Frp, framføre Lende-statua i Lendeparken i Stavanger

Christian Wedler, gruppeleiar i Frp, i Lendeparken i Stavanger, der han seier at prostituerte frå Romania opererer.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Christian Wedler, gruppeleiar for Framstegspartiet i Stavanger, er ikkje sikker på at politileiinga i Stavanger fortel heile sanninga når dei hevdar at tiggarane i byen ikkje er organiserte med bakmenn.

Portrettbilde av Christian Wedler, gruppeleiar FrP i Stavanger

Christian Wedler har fått anna informasjon om tiggarmiljøet i Stavanger enn det leiinga i politiet i Stavanger presenterer.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det er kjekt viss dei kan garantera at det ikkje er nokon i tiggarmiljøet som driv med narkotikasal, men det er heilt andre ting eg får høyre frå lokale tenestemenn, seier Wedler.

Har oversikt

Leiar for ordensseksjonen ved Stavanger politistasjon, Kristian G. Johansen, sa onsdag i sist veke til NRK at han ikkje hadde nokon indikasjonar på at tiggarane driv på med noko ulovleg aktivitet i Stavanger-området.

Leiar av ordensavdelinga ved Stavanger politistasjon, Kristian G. Johansen

Leiar av ordensavdelinga ved Stavanger politistasjon, Kristian G. Johansen, meiner politiet har oversikt over tiggarmiljøet i byen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Etter å ha høyrt kritikken frå Wedler i Frp, står han fast på det han sa.

– Nettopp på grunn av at politiet i Stavanger for år sidan hadde ein større aksjon mot dette miljøet, kan me nå seie at me har kontroll på situasjonen, seier Johansen.

Han seier også at han uttaler seg ut frå den informasjonen han får frå eigne medarbeidarar og i tillegg dei som leiar arbeidet innanfor narkotikaomsetnad og organisert kriminalitet.

Dei som er direkte blanda inn

NRK Rogaland snakka med fleire rusmisbrukarar i Stavanger sentrum sist onsdag. Felles for dei var at dei meinte romfolk-tiggarane frå Romania opererte saman.

Audun Zinke

Audun Zinke meiner at tiggarane i Stavanger sentrum er organiserte.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Audun Zinke har fleire år bak seg i rusmiljøet. Han er klar på kva han meiner:

– Det er noko organisert bak det. Det er det ingen tvil om.

– Men dei nektar jo sjølve på at det er slik?

– Ja, det veit eg. Det kan eg tenkja meg, seier Zinke.

Ein annan versjon

Bakgrunnen for usemja mellom Frp-leiaren og politiet i Stavanger er dokumentaren om tiggarmiljøet i Bergen, som NRK viste tysdag i sist veke.

Tigger i Bergen 2

Brennpunkt-dokumentaren på NRK tysdag i sist veke viste at det var samrøre mellom tiggarane i Bergen sentrum og kriminell aktivitet i byen.

Foto: Runa Victoria Engen

Der kom det fram at tiggarar frå Romania gjekk over til tjuveriverksemd og prostitusjon på kveldstid. Det blei også dokumentert at bakmenn frå Romania tener store pengesummar på desse aktivitetane.

– Eg meiner at det faktum at det i hovudsak er tre bustadar som tiggarane brukar i Stavanger, viser at dei står fram som ganske organiserte her også, seier Wedler frå Framstegspartiet i Stavanger.

Han viser også til at det nå er ein del austeuropeiske og rumenske kvinner, som sel sex i Lendeparken i sentrum.

Kan ikkje garantere

Sjef for ordensavdelinga i Stavanger-politiet, Kristian G. Johansen, seier at politiet aldri kan garantera at det ikkje skjer sal av narkotika eller prostitusjon frå tiggarmiljøet i byen.

– Me registrerer at det skjer, men spesielt når det gjeld narkotikasalet, er det i tilfelle i mykje mindre omfang enn for to år sidan, seier han.