Hopp til innhold

Frp si bråkete historie i Stavanger

Det er støy rundt Stavanger Frp etter at gruppeleiar og ordførarkandidat, Tore B. Kallevig, gjorde opptak av telefonsamtalar. Ein kikk på partiet si nære historie viser at det ikkje er uvanleg med støy rundt partiet før kommunevalet.

Stavanger Fremskrittspartis Tore B. Kallevig trakk seg som gruppeleder for partiet søndag kveld. Mandag morgen var han på plass i Kommunalutvalget i Stavanger.

Tore B. Kallevig ble møtt av klemmer og hilsner da han kom til kommunalutvalget i Stavanger, mandag morgen. Her er det Karl W. Sandvig som som hilser på.

Karl W. Sandvig

Karl W. Sandvig blei vraka frå Frp si liste før valet i 2007. Fleire melde seg ut frå partiet i denne perioden.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Før kommunevalet 2007 melder den sentrale Frp-politikaren Karl W. Sandvig seg ut av Frp, og saman med han går også tre andre. Av desse finn ein Rune Kommedal og Bjørn Ketil Birkeland, som også hadde relativt sentrale roller i partiet.

Bakgrunnen var mellom anna at Sandvig blei vraka frå Frp si liste til kommune- og fylkestingsvalet. Det skjedde på nominasjonsmøtet i desember, etter at han hadde kritisert innstillinga frå nominasjonskomiteen. Der var 26 år gamle Trond Birkedal føreslått som ordførarkandidat i Stavanger.

– Birkedal er for ung og uerfaren, sa Sandvik den gong.

Også Mai-Liss Sivertsen blei vraka frå det som blei rekna som ein sikker andreplass på lista.

Frp fekk inn 9 av 67 representantar i Stavanger bystyre denne perioden.

Før kommunevalet 2011 går nominasjonskomiteen inn for Sissel Stenberg som toppkandidat i Stavanger. Nominasjonsmøtet trassar dette og går inn for Trond Birkedal i staden.

I mars trekk Birkedal seg som ordførarkandidat og frå alle verv i partiet. Årsaka er at han har blitt meld til politiet for å ha videofilma nakne gutar i dusjen i heimen hans.

Like etter blir flygeleiaren Tore B. Kallevig vald som ny ordførarkandidat for Stavanger Frp. Sissel Stenberg trekte seg frå kampen om topp-posisjonen.

Frp fekk også denne perioden inn 9 av 67 representantar i Stavanger bystyre.

Birkedal vant nominasjonskampen

Trond Birkedal vann kampen mot Sissel Stenberg i 2011, og blei innstilt som ordførarkandidat. 21. mars trakk han seg frå alle verv i partiet.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / Nrk

Før kommunevalet i 2015 kjem det fram at ordførarkandidat Tore B. Kallevig har installert ein applikasjon på telefonen sin som han kan gjera opptak av telefonsamtalane sine med.

I eit ekstraordinært møte i leiargruppa til Stavanger Frp, trekk Tore B. Kallevig seg som leiar i partiet. Formelt sett er han framleis ordførarkandidat.

Det er uklårt om heile sanninga har kome fram i saka, men det er lite truleg at Kallevig toppar Frp si liste når røystinga startar opp hausten 2015.

Tore B. Kallevig trekk seg frå vervet som gruppeleiar i bystyregruppa for Frp i Stavanger

Tore B. Kallevig trekte seg måndag kveld frå vervet som gruppeleiar i bystyregruppa for Frp i Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK