Hopp til innhold

Frp-politikar startar FB-kampanje for å stemple motstandar som løgnar

Frp-politikaren i Stavanger kallar Ap-politikaren løgnar, og vil bruke 500.000 kroner på premiar til dei som hjelper han å bevisa det. Nå er dei begge kalla inn til ordføraren sitt kontor.

Leif Arne Moi Nilsen

Leif Arne Moi Nilsen (Frp) starta på laurdag ein kampanje mot Ap sin nestleiar i bystyret, Dag Mossige.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det eg skriv, er at vi skal lage ein konkurranse og finne feil på Mossige. Eg er lei av at han lyg om meg, seier Leif Arne Moi Nilsen (Frp).

Det er Ap sin nestleiar i bystyret, Dag Mossige, han snakkar om.

Det er ikkje så ofte at det blir munnhoggeri mellom politikarane i Stavanger, men dei nye bomstasjonane som opna 1. oktober har skapt ein tøffare debatt enn vanleg.

Det byrja på laurdag. Då la Moi Nilsen ut eit bilde av Mossige på Facebook med overskrifta: «Mossige lyver». Innlegget er nå sletta.

Moi Nilsen og Mossige

Innlegget til Leif Arne Moi Nilsen. Dei blei sletta etter nokre timar.

Foto: Skjermdump frå Facebook

Moi Nilsen følgde opp med ein sms til gruppeleiaren i Mossiges parti, Kari Nessa Nordtun. I meldinga skriv han at han er skuffa over partiet sin oppførsel. Han kallar sjølv utspelet for «500.000-kampanjen», men seier det ikkje er snakk om reelle pengar.

Leif Arne Moi Nilsens sms

Dette er smsen som Moi Nilsen sende til gruppeleiaren i Mossiges parti, Kari Nessa Nordtun.

Foto: Skjermdump

Kven visste om bomaksjonen?

Bakgrunnen for alt dette skjedde måndag 29. oktober. Då blei bystyremøtet i Stavanger avbrote av om lag 50 aksjonistar som protesterte mot dei ny bomstasjonane. Leiaren for aksjonen gjekk på talarstolen for å halde eit innlegg til politikarane.

Det fekk han ikkje lov til av ordføraren. Politiet starta etterforsking, og mannen fekk 25.000 kroner i bot.

Ifølge Frps Leif Arne Moi Nilsen har Aps Dag Mossige i eit intervju med Rogalands Avis sagt at Moi Nilsen visste om denne ulovlege aksjonen. Derfor blei Frp-politikaren så sint at han sette seg til tastaturet laurdag kveld.

– Mossige spring til avisa og påstår at det er eg som har organisert dette, seier Moi Nilsen.

Ap-politikaren sjølv avviser at han har sagt noko slikt til Rogalands Avis.

– Innlegget låg ute i fleire timar. Å legga ut slikt, utan å stå for det i etterkant, er ganske feigt, seier Mossige.

Kva som er sanninga er vanskeleg å få klarlagt, fordi intervjuet aldri blei publisert. Før det kom så langt, blei det stansa av redaktøren.

Moi Nilsen kontaktar advokat

Frp-politikaren har kontakta advokaten sin, Arvid Sjødin, for å få støtte. Sjødin meiner at Facebook-innlegget er heilt på sin plass.

– Det er jo sjølvsagt skrive for å stanse det Moi Nilsen oppfattar som løgn, seier Sjødin.

Advokaten meiner at Frp-politikaren har rett til dette, så lenge han har vore utsett for denne skuldinga.

Ordføraren grip inn

Ordførar Christine Sagen Helgø (H) har diskutert saka med både gruppeleiarane i Frp og Ap, og med dei to innblanda politikarane. No støttar ho Mossige i Ap.

Christine Sagen Helgø, ordførar Stavanger (H)

Ordførar i Stavanger kommune, Christine Sagen Helgø (H), støttar Mossige.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det er ikkje greitt når du får usaklege innlegg om ein person på sosiale medium, seier ho.

Ordføraren har denne veka også kalla inn til to møte om korleis politikarane bør oppføre seg på sosiale medium: eitt med partane og eitt møte med alle politikarane.