NRK Meny
Normal

– Folk vil framleis ha pels, men me mistar kontrollen over dyrevelferden

Tore Andreas Håland meiner regjeringa bommar grovt når dei går for å legga ned pelsdyrnæringa i Noreg. – Eg må importera meir pels frå land der me ikkje veit korleis dyra har det, seier butikkeigaren som også er Frp-politikar.

Tore Andreas Håland i Pels og Mote

SKUFFA OVER EIGE PARTI: Sjølv om Tore Andreas Håland, som driv butikken Pels og Mote i Sandnes, er gruppeleiar i Sandnes Frp liker han ikkje regjeringa si nye plattform. Han har likevel forståing for at Venstre måtte få gjennomslag for noko dersom dei skulle bli med i regjering.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– For meg er det viktig å ha pels frå norske dyr. Då veit eg at kvaliteten er bra, og at dyrevelferda har vore god, seier Tore Andreas Håland i butikken Pels og Mote i Sandnes.

Han kjøper alle varene frå utlandet, men fleire av kåpene er laga av norske og skandinaviske dyr, og det er desse Håland helst vil ha.

Her sel han eksklusive pelskåper med prislappar på opp til 70.000 kroner.

– Ganske mykje mink i ulike variantar, litt rev. Eg har mykje småpels til vestar og kragar.

Butikken Pels & Mote i Sandnes

I pelsbutikken i Langgata i Sandnes har dei produkt frå blant anna mink og rev.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Men nå har den nye regjeringa varsla at dei vil fase ut pelsdyrproduksjonen i Noreg – det liker ikkje Håland, som også er gruppeleiar for Framstegspartiet i Sandnes.

Det er altså hans eige parti som har gått med på å legga ned pelsdyrnæringa.

– Hovud i sanden

– Den nye regjeringa stikker hovudet i sanden når dei går for å fase ut norsk pelsdyrproduksjon. Det er ikkje forbod mot sal og bruk av pels. Nå kan eg importere pels frå utlandet, men eg veit ikkje korleis desse dyra har hatt det, seier han.

Det var Venstre som fekk gjennomslag for politikken sin når Høgre og Frp gjekk med på nedlegginga av pelsdyrproduksjonen.

– Eg er litt skuffa over at dei ikkje stod fast på det dei har sagt tidlegare, at pelsbransjen skulle fortsette i Noreg, seier Håland.

Norsk pels garanti

Norsk pels garanti står det på dei gamle merkelappane som Håland framleis bruker. Han kan likevel ikkje garantera for kor pelsen kjem frå lengre, men på dei mest eksklusive jakkene er det mogleg å i alle fall seia at det er skandinaviske dyr den er laga av.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Fylkesleiar i Rogaland Venstre, Kjartan Alexander Lunde, deler ikkje bekymringa til Håland. Han trur pels uansett er i ferd med å gå fullstendig av mote.

– Eg håper at det kjem nye produkt på marknaden som gjør at me ikkje treng å ha pelssal i landet. Me ønsker helst at det ikkje skal vera pelsdyrnæring i verda i det heile tatt, seier han.

– Fjernar ein naturleg vare

Talet på spesialbutikkar for pels går ned, men meir sal av pels skjer i vanlege klesbutikkar, ifølgje Morten Klemp i bransjeforeininga Pelsinform. Derfor er det uklart om pelssalet går opp eller ned i Noreg.

Han reagerer på utsegna til Lunde.

– Nå fjernar me ein naturleg vare som er nedbrytbar, og så skal man i staden bruke plastprodukter i klede og sånt. Eg meiner det er eit utruleg utsegn.

Klemp meiner det er ein tragedie at norsk pelsproduksjon nå kan forsvinna.

– Det er trist å ikkje vere garantert å selje nordiske skinn, seier han.

Morten Klemp

Morten Klemp i bransjeforeininga Pelsinform.

Foto: Signe Karin Hotvedt / NRK

Trass skuffelsen, Håland meldar seg ikkje ut av partiet.

– Nei, langt ifrå. Det hjelper ingenting å melda seg ut av partiet. Eg vart skuffa over det som skjer, men då må me jobba internt for å få endra den politikken igjen, seier han.