Hopp til innhold

Frp om skjenkereglar: – Hinsides all fornuft

Handteringa av skjenkereglane i Stavanger er firkanta og nærmar seg parodien, meiner formannskapsmedlem og FpU-leiar Atle Simonsen.

Atle Simonsen

Atle Simonsen (Frp) kjem i kveld til å stemma i mot at to uteplassar blir fråtekne skjenkeløyvet i Stavanger, trass i at dei har brote skjenkereglane.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Formannskapet i Stavanger skal i kveld bestemma om fleire uteplassar i byen skal mista skjenkjeløyvet for ein periode.

Blant desse uteplassane er Bøker og Børst, som har brote alkohollova to gonger. Den ein gongen inviterte dei til eit ølsmakekurs via Facebook, den andre gongen skal gjester ha blitt servert øl etter stengetid.

Også Korvetten har brote alkohollova to gonger – ved å skjenka to openbart rusa personar alkohol og ved ulovleg ha ei ølmatte liggande i baren.

Men Framstegspartiet kjem til å stemma mot at dei to uteplassane skal bli fråtekne skjenkeløyvet – sjølv om dei har brote reglane.

– Eg synst det er hinsides all fornuft. Nokre gonger må det vera lov å bruka regel null, altså hovudet. Eg nektar å ta frå nokon skjenkeløyve fordi nokon har lagt barmattene feil veg, seier ein tydeleg opprørt Atle Simonsen (Frp).

Vil endra regelverket

Frp kjem dermed til å stemma mot innstillinga til rådmannen i kveld. Sjølv om rådmannen berre følgjer prikksystemet som Frp og dei andre partia har vedtatt (åtte prikkar kan føra til inndraging av skjenkeløyvet i opp mot to veker og ti prikkar opp mot tre månader, jour. merk.).

John Peter Hernes

Leiar for skjenkeutvalet i Stavanger, John Peter Hernes (H).

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eg synst kommunane heller bør gå inn å rettleia, noko dei har plikt til, og ikkje gi dei straff og bot.

– Men når det er laga eit regelverk bør ein vel følgja det konsekvent?

– Eg meiner regelverket bør endrast. Eg har ikkje samvit til å stemma for å ta frå nokon skjenkeløyvet fordi dei har lagt barmatta feil veg. Eg trur skjenkekontrollen mistar all sin legitimitet blant folk gjennom dette, meiner Simonsen.

Høgre: – Vil føra til forskjellsbehandling

Leiar for skjenkeutvalet i Stavanger, John Peter Hernes (H), synst det er merkeleg av Frp å stemma imot i desse inndragingssakene.

– Eg synst det er litt overraskande fordi Frp har vore med å laga dette prikksystemet me har hatt i Stavanger kommune i sju år. Å stemma i mot vil føra til forskjellsbehandling. Dersom Frp synst dette er dustesaker, har dei vore med på dustevedtak tidlegare, seier han.

Men Atle Simonsen og Frp står på sitt – og er ikkje redd for å bli skulda om å driva forskjellsbehandling av uteplassar.

– Eg håpar politikarane i Stavanger klarer å bruka hovudet og vera noko anna enn paragrafryttarar. Eg kjem ikkje til å stemme for å ta frå nokon skjenkeløyvet berre fordi dei har hatt ei barmatte feil veg.