Hopp til innhold

Vil skrote eigedomsskatten: – Heilt feil å sende rekninga til innbyggjarane

Fleire titals kommunar ville ha gått med overskot, sjølv utan eigedomsskatt. Det hevdar Frp som foreslår å skrote skatten.

Utsira

Utsira gjekk vekk frå eigedomsskatt då dei fekk andre inntekter. Noko som gjorde at økonomien betra seg.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Framstegspartiet har laga ei liste med 42 kommunar som dei hevdar ville hatt overskot på budsjetta sine, sjølv utan eigedomsskatt.

Blant dei er storkommunane Oslo, Trondheim, Bergen og Stavanger.

For dei som styrer i Stavanger i dag er det uaktuelt å fjerne eigedomsskatten sjølv om kommunen hadde eit overskot på nesten ein milliard kroner i fjor.

– Det ville ha vore ekstremt uansvarleg å fjerne eigedomsskatten i Stavanger. Dette er pengar som kjem fellesskapet til gode, seier gruppeleiar Dag Mossige (Ap).

Gruppeleder for Ap i Stavanger kommunestyre, Dag Mossige.

Dag Mossige, gruppeleiar (Ap) i Stavanger meiner det er uaktuelt å fjerne eigedomsskatten.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Kommunen tek inn over 250 millionar kroner i året i eigedomsskatt.

– Fjoråret var veldig godt, men det er ikkje kvart år vi har så gode resultat. Vi skal gjere store investeringar i skular og eldreomsorg dei neste åra, så vi treng pengane.

Totalt 322 kommunar har innført eigedomsskatt på bustader, fritidseigedommar og kraftanlegg, ifølgje SSB. I fjor var dei samla inntektene 16 milliardar.

– Bruker den som sovepute

No foreslår Framstegspartiet igjen å skrote skatten.

– Det er ein tilleggsskatt som er urettferdig, som vi vil til livs fordi norske kommunar bruker den som ei sovepute. Det er ikkje inntekter som dei treng, seier Helge André Njåstad, stortingspolitikar for Frp.

Helge Andre Njåstad

Helge André Njåstad, stortingspolitikar (Frp). har laga ei liste over kommunar han meiner ville ha gått med overskot, sjølv utan eigedomsskatt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han viser til at det finst mange kommunar som ikkje har eigedomsskatt, og at dei klarer å levere like gode tenester som dei som har eigedomsskatt.

– Så det er heilt feil å sende rekninga til innbyggjarane for noko dei ikkje treng.

Frp er ganske åleine blant dei politiske partia om dette ønsket.

Kvifor vil Frp køyre over den lokale handlefridommen som kommunane har til å innføre ein slik skatt?

– Fordi vi er bekymra for folk sin økonomi. Folk betaler altfor mykje i straum, drivstoff, renter og matvarer.

Treng pengane

Også mindre kommunar står på lista, blant dei Hemsedal.

Men ordførar Pål Terje Rødby (Sp) meiner dei ekstra skattepengane er heilt nødvendige.

Pål Rørby, ordfører (Sp) i Hemsedal.

På Terje Rødby, ordførar i Hemsedal (Sp) seier at tenestetilbodet ville ha vore dårlegare i kommunen utan eigedomsskatt.

Foto: Caroline Utti / NRK

– Skal vi ta vare på dei menneska som kjem til oss, men også alle dei ti tusen som besøkjer oss, både hyttefolk og turistar, så er vi nøydde til å ha denne typen inntekt. Elles så vil det hindre vekst, og eg vil påstå at det også vil vere fare for liv og helse.

Denne veka inntek påsketuristane Hemsedal for å oppleve kritkvite fjellvidder, stupbratt skikøyring og fest og moro.

Hemsedal skisenter

Mange skiturister er ei utfordring for Hemsedal.

Foto: Rolf Erik Møistad / Tips 03030

Men for Hemsedal er auka innbyggartal og mange besøkjande også ei økonomisk utfordring, forklarer senterpartiordføraren.

– Vi handterer 30.000 menneske som kjem no. Dei har behov for legehjelp, dei har behov for heimetenester, og dei har behov for at kommunen stiller opp for dei.

Klarer seg utan

107 kommunar klarer seg heilt utan eigedomsskatt på bustader og fritidsbustader.

I Noregs minste kommune klarer dei seg heilt utan eigedomsskatt på bustader og fritidsbustader. Men det har ikkje alltid vore sånn.

– I 2013 innførte vi eigedomsskatt fordi vi trong pengane, seier ordførar Marte Eide Klovning frå Arbeidarpartiet.

Marte Eide Klovning

Marte Eide Klovning, ordførar, Utsira (UFL)

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Den måtte innbyggjarane betale i nokre år før han vart fjerna igjen.

– Vi lova innbyggjarane at når vi fekk andre inntekter eller såg at vi kunne klare oss utan eigedomsskatten, så skulle vi fjerne den igjen. Og det gjorde vi.

Kommunen har eigedomsskatt på verk og bruk. Då Johan Sverdrup-feltet kom i gang fekk dei eigedomsskatt frå ein leidning frå dette feltet, noko som gjorde at økonomien betra seg.

– Det handlar om å prioritere

– Dette er ein dårleg skatt, fordi han ikkje tek omsyn til folks inntekter, formue eller skatteevne.

Det seier Carsten Henrik Phil, forbrukar og kommunikasjonssjef i Huseiernes Landsforbund, som meiner innføringa av eigedomsskatt nærmar seg ei kritisk grense for folk flest.

Carsten Pihl, Huseiernes landsforbund.

Carsten Henrik Phil, Huseiernes Landsforbund.

Foto: Christiane Y. Vibe

– Både rente- og straumutgifter har gått opp. Det same har kommunale utgifter, forsikringsutgifter og vedlikehaldsutgiftene. Det blir for mykje for folk.

Phil meiner kommunane kan klare seg utan inntekter for eigedomsskatt, og viser til Sandnes og Drammen.

– Det er ingenting som tyder på at dei to kommunane har eit dårlegare tenestetilbod til innbyggjarane sine. Det handlar om å prioritere. Dei må lære seg å kutte bort det som er mindre viktig, og vere opne om kvifor dei tek dei vala dei gjer.