Det var tydeleg at fylkesordførar Janne Johnsen blei overraska då KrF gjekk inn i samtalar med Ap i går kveld.
– Me hadde ein avtale om at partia i posisjon skulle snakka saman først. Men det er tydeleg at sentrumspartia har andre planar, sa ho i går.
– Moralen stikk ikkje djupt
Terje Halleland (Frp) er ikkje nådig mot KrF, som har vald å snakka saman med Arbeidarpartiet.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRKFylkesvaraordførar Terje Halleland går lenger.
– Det er kanskje slik ein må rekna med når ein har med eit parti der moralen ikkje stikk særleg djupt, men når det skjer synst me at det er trist, seier han.
Han meiner at partiet har blitt meir sosialistisk.
– Dei har endra politikk og har blitt meir tydelege sosialistar enn dei har vore tidlegare i perioden. Dei nye representantane som har kome inn er meir sosialistiske, seier han.
Bak disse dørene diskuterer sentrum og Ap samarbeid i fylkeskommunen.
Foto: Anders Fehn / NRK– Me har vore ryddige
Både han og Johnsen er sett på sidelinja etter Ap i natt starta samtalar med sentrumspartia Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre om eit politisk samarbeid i fylkestinget.
Solveig Ege Tengesdal (KrF) vil helst ikkje snakka om avtalen og skuldingane frå Frp og Høgre.
– Det vil eg helst ikkje kommentera noko spesielt, utanom at me har vore ryddige i denne samanhengen, seier ho.
Ap har fått flest stemmer i fylkeskommunen med 27,7 prosent, Dette er ein liten oppgang frå 2011. Høyre går tilbake med fem prosentpoeng og landar på 23,9. Dermed kan arbeidarpartiets Marianne Chesak, eller Kristelig Folkepartis Solveig Ege Tengesdal, bli ny fylkesordførar i Rogaland.
Samtalane held fram utover dagen.
- SE OGSÅ: Se kampen om fylkesordførerkjedet
- LES OGSÅ: Disse vil bli fylkesordførar
Sentrumspartiene i fylket vurderer samarbeid utan Høyre.