Hopp til innhold

Frp går saman med bøndene mot Mattilsynet

Frp vil hjelpe bønder som meiner dei blir urettferdig behandla av Mattilsynet. Fleire hundre desperate bønder frå heile landet har tatt kontakt, seier initiativtakaren.

Margrete Dysjaland, FrP, saman med utegriser

Margrete Dysjaland brukar tid på utegrisene sine på gardsbruket sitt. Men nå vil ho gi hjelp til bønder som er i søkelyset til Mattilsynet.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Margrete Dysjaland har alt markert seg som ein hard kritikar av Mattilsynet, og har meldt tilsynet til politiet i etterkant av feilrapportering av ein pelsdyroppdrettar på Jæren.

Dysjaland er Frp sin fylkesordførarkandidat i Rogaland, og ho er også bonde på Sola. Nå inviterer ho til kamp mot eit tilsyn som ho meiner går altfor langt.

– Eg har møtt mange bønder som meiner det same, seier ho, og minnest spesielt eit gardbrukarpar.

Dei to levde i frykt for at tilsynet skulle ta frå dei dyra i to år. Mattilsynet var kritiske til drifta, men då paret hadde ordna opp på alle punkt, så ville ikkje tilsynet gi seg likevel.

– Dei trua med å krevje nedslakting likevel, og slik kan me ikkje ha det, slår Dysjaland bestemt fast.

Ei hjelpegruppe

Derfor vil Dysjaland opprette ei arbeidsgruppe, som bønder i heile landet kan koma til med sine opplevingar.

Margrete Dysjaland, FrP, saman med hest, ute

Margrete Dysland driv også med hestar på garden sin.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det skal vera med folk frå kjøt- og mjølkeindustrien, bonderepresentantar, nokon som kan HMS og gjerne Mattilsynet sjølv, dersom dei vil, seier Dysjaland.

Vil verne om tilsynet

Dyrevernalliansen ser ikkje vekk frå at dette tiltaket kan ha noko for seg, nå når det er eit så betent tilhøve mellom Mattilsynet og bøndene.

– Det er likevel viktig at Mattilsynet veit at deira jobb er å ta upopulære avgjerder når dei møter på dyremishandling, seier Live Kleveland, kommunikasjonsleiar i Dyrevernalliansen.

Bondelaget vil vera med

Bondelaget ønskjer forslaget velkommen, spesielt dersom det kan vera med på å betre tilhøvet mellom bønder og tilsyn.

Marit Epletveit, leiar Rogaland bondelag, ute med kyr og traktor

Marit Epletveit leiar Rogaland bondelag. Samstundes driv ho gard i Gjesdal.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Så det er ein verkebyll der, altså?

– Ja, det er mange bønder som gruar seg til å få tilsynet på besøk, seier leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit.

Ingen kommentar

Mattilsynet vil ikkje kommentera forslaget til Dysjaland. Informasjonsavdelinga seier at dei ikkje kan ha nokon offentleg meining om eit politisk utspel som dette, og viser til landbruksministeren for kommentarar.

Kallar inn til møte

Nå kallar Dysjaland inn til folkemøte for bøndene på Undheim samfunnshus på Jæren, den 20. august. Der vil ho høyre bøndene sine opplevingar med Mattilsynet og leggje fram sin plan for arbeidsgruppa.

– Eg har fått så mange telefonar frå bønder, frå slaktarar og andre folk. Alle trudde at det berre var dei Mattilsynet ikkje likte. Men nå veit dei at dei ikkje lengre er åleine, seier Dysjaland.