Hopp til innhold

Her er budsjettønska til lag og foreiningar i Sandnes

Dei var ikkje mange, men meldingane deira var klare. I går fekk lag og foreiningar i Sandnes seia kva dei ønsker seg i neste års budsjett.

Frivillige kom med ønske

Rønnaug Engstad frå organisasjonen Leve i samtale med Arne Buchholdt Espedal frå Arbeidarpartiet.

Foto: Marianne Terjesen / NRK

Ønsker til Sandnes-budsjett

Politikarane fekk mange ønsker å ta omsyn til. Frå venstre Sissel Vikse Falch (Frp), Annelin Tangen (Ap), Øydis Standnes leder i Ganddal IL, Pål Morten Borgli (Frp)

Foto: Marianne Terjesen / NRK
Ingrid Meling, oppmann og sportslig leder i Sandnes svømme- og livredningsklubb

Ingrid Meling, oppmann og sportslig leder i Sandnes svømme- og livredningsklubb.

Foto: Marianne Terjesen / NRK

17. desember skal Sandnes-politikarane vedta korleis kommunen skal bruka pengane sine dei neste fire åra. I går hadde dei eit møte det lag og foreiningar kunne løfta fram sine hjartesaker.

– Me treng ei ny stilling etter det har kome ei ny gruppe med folk som har eteforstyrringsliknande åtferd. Dette er dei som har blitt fedmeopererte, dette var meldinga frå dagleg leiar ved Senter for spiseforstyrrelser, Tone Anita Østrådt.

Ordnar det meste på frivillig basis

Og ønska frå foreiningane og laga gjorde inntrykk på politikarane.

– Det er veldig kjensleladd i og med at nokre går veldig inn på kva dei driv med, seier gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Annelin Tangen.

Av dei politikarane fekk høyra, var Rønnaug Engstad. Ho leiar Leve Rogaland, ein organisasjon der etterlatne etter sjølvmord hjelper andre i same situasjon.

– Organisasjonen betyr veldig mykje for mange. Fagfolk klarer aldri å bety like mykje for dei etterlatne, som dei som verkeleg veit korleis det kjennest på kroppen, fortel Engstad.

Leve driv heilt utan offentleg støtte. Alt blir gjort på frivillig basis. Dei treng derfor pengar til det meste.

– Me må vera i stand til å ordna med dei etterlatne, reisa heim til dei og ha ein døgnbemanna kontakttelefon.

Ny gruppe med eteforstyrringar

Andre har ein større organisasjon, men får stadig nye oppgåver. Dette gjeld Senter for spiseforstyrringar som gjerne vil ta seg av dei som treng oppfølging etter ein fedmeoperasjon.

– Nokon blir ekstremt redde for å legga på seg igjen og andre har hatt mat som ein meistringsstrategi, når ein ikkje lenger kan det, blir det fort vanskeleg, seier Tone Anita Østrådt.

Ho fortel vidare at Stavanger universitetssjukehus i dag ikkje har kapasitet til å følga dei opp. Ho seier at dei har kunnskapen som skal til, men at dei ikkje har nok midlar.

Eit håp om klingande mynt

Andre er opptekne av manglande investeringar på budsjettet. Ingrid Meling frå Sandnes svømme- og livredningsklubb tok opp at rådmannen ikkje har sett av pengar til nye symjebasseng dei neste fire åra.

– Me reagerer sterkt. For dei har sett i gang dyre utgreiingar, men gong på gong dytta dei fram. Me har om lag 600 barn på venteliste hos oss, seier ho.

Og sjølv om berre åtte organisasjonar og ein privatperson stilte på gårsdagens møte, meiner Annelin Tangen frå Arbeidarpartiet at det var viktig.

– Det er kjempebra at dei kjem og fortel kva dei meiner, slik at me politikarar kan gjera noko med det.

Så spørst det om meldingane resulterer i klingande mynt. Alle som møtte opp i går har eit sterkt håp i alle fall.