NRK Meny
Normal

Ryddar Jærkysten for søppel

Friviljuge frå både idrettslag og bedrifter har rydda deler av Jærkysten for all slags søppel denne helga. Det er bilda av gåsenebbkvalen, med 30 plastposar i magen, som er den direkte årsaka til aksjonen.

Ryddedag

Resultat av søppelrydding i strandsona på Sunde i Stavanger.

– Det er ikkje kjekt, men eg må gjera det for å få naturen finare.

Benjamin Elkasevic Krokvik var ein av mange frå Sunde Idrettslag i Stavanger, som rydda hundre sekker med søppel langs strandkanten, laurdag.

Magesekken til avlivet gåsenebbhval

Gåsenebbkvalen med 30 plastposar i magen, har fått mange til å reagerer på plastsøppelet i havet.

Foto: Christoph Noever / Universitetet i Bergen

Ein mann, som vil vera anonym, gav 10 000 kroner til Sunde Idrettslag i Stavanger, for at medlemmane skulle plukka plastsøppel på strendene i nabolaget.

Det skjedde etter at mannen hadde fått med seg det som skjedde med kvalen, fortel dagleg leiar i Sunde IL, Helen Husebø.

Ifølge FN sitt miljøprogram døyr rundt ein million sjøfugl og om lag 100 000 sjøpattedyr kvart år på grunn av plastforureining.

Full innsats

Laurdag føremiddag frå klokka 10 til 12, var 70 medlemmar frå idrettslaget på plass og plukka med seg 100 sekker med søppel frå strendene.

Bossinnsamling Sunde IL Jærkysten plastsøppel

Nokre av dei 70 medlemmane i Sunde IL som stilte opp på miljødugnaden.

Foto: Erik Waage / NRK

– Dette er både kjekt og trist, seier Kjell Inge Svendsen, ein av fedrane som stilte opp.

– Ingen likar å rydde opp etter andre, men me ser jo at det nyttar, seier han og ser ut over den nyreinska stranda.

Mange engasjerer seg

I dagane etter at bilda av kvalen med plastposar i magen blei sett av folk over heile landet, er det mange i kystnære strok som har fått lyst til å gjera ein innsats mot plastforsøplinga i havet.

Søppel

Ein av dei hundre sekkene med søppel som blei resultatet av aksjonen på Sunde.

Foto: Erik Waage

Ei oljebedrift bidrog med 5 000 kroner ekstra og ein av nærbutikkane stilte med grillmat til idrettslaget sine medlemmar på Sunde.

Eit anna oljeselskap i Stavangerdistriktet brukar strandrydding som tema for teambygging for dei tilsette.

Og i Randaberg, nabokommunen til Stavanger, er det stifta ei lokal avdeling av Clean Shore Global. Dei starta også innsamling av søppel i dag og har tatt ansvar for jærkystlinja frå Tungenesvågen i nord til Sandestranda i sør.

Muleg tradisjon

Benjamin Elcasevic Krokvik pustar ut etter to timars innsats i grått og regntungt vêr. Strandområdet gruppa hans har hatt ansvar for, ser bra ut.

– Det blei mykje finare strand nå, slår han fast.

Helene Husebø

Dagleg leiar i Sunde IL, Helen Husabø, satsar på at søppelryddinga blir ein tradisjon.

Foto: Erik Waage

– Me satsar på å få med oss folk frå heile bydelen til søppelplukking langs strendene til neste år, seier dagleg leiar i Sunde IL, Helen Husebø.

Ho vonar at denne innsatsen for miljøet kan bli ein årleg seanse i bydelen.