NRK Meny
Normal

Frir til investorar for å utvida Edda kino

Edda kinosenter i Haugesund ønskjer ein ekstra kinosal, men treng investorhjelp. No frir dei til det private næringslivet. Høgre seier ja, men SV er skeptiske til å la private investera i kino.

Edda kino i Haugesund

VIL HA EIN NY SAL: Men treng Haugesund det? Kultur står på programmet i kveldens direktesende debatt frå Haugesund bibliotek klokka 19.30.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Vallogo

Haugesund kultureigedom AS har utarbeidd eit prosjekt som inneheld kinosal, butikklokale, kontor og/eller leilegheiter. Selskapet ønskjer å selja heile prosjektet til ein investor, for å så å leiga kinodelen tilbake.

Edda kino blir eitt av temaa når NRK strøymer Den store kulturdebatten frå Haugesund folkebibliotek frå klokka 1930 i dag. Debatten er eit samarbeid mellom NRK Rogaland, Haugesunds Avis og Kultur og festivalutvikling KUF i Haugesund kommune.

Selja og leiga tilbake

– Me har konkludert med å ha éin kinosal. Då får me eit butikklokale i botnen, og moglegheit for kontor og leilegheiter på toppen, seier styreleiar Arne Førre.

Slik kan Edda kino bli

SLIK KAN DET BLI: Skisser på korleis det kan bli i Haugesund.

Foto: Arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke AS

Årsaka til at Haugesund kultureigedom ser på moglegheita for å selja prosjektet, for så å leiga kinodelen tilbake, er kommunen sin dårlege økonomi.

– Me veit at me har sterkt behov for å modernisera oss for å bli attraktive som kino, og ikkje minst som filmfestivalby. Det er kome ei betydeleg interesse for satsing i sentrum, så me håpar at me skal klara å få dette til, seier Førre.

SV er skeptiske

Men SV er ikkje imponerte over planane. Toppkandidat i Haugesund, Gjertrud Kjellesvik, meiner utbygginga av Edda ikkje er nødvendig, og at det ikkje er rett av kommunen å bruka pengar på ein ny kinosal.

Gjertrud Kjellesvik

SKEPTISK TIL NY KINOSAL: Gjertrud Kjellesvik (SV).

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Nei, det er det ikkje. Det er heller ikkje eit behov filmfestivalen har. Filmfestivalen har behov for endå ein plass å visa film, ikkje nødvendigvis ein kinosal. Eg syns det er litt prematurt med ein heilt ny kinosal, seier ho, som heller vil ha eit rom som kan brukast til fleire ting.

– Det me har høyrt litt om dei siste dagane er at det ikkje nødvendigvis er ein kinosal me treng, men eit kombinert konferanserom, der ein også kan visa kinofilm, seier Kjellesvik.

Vil tena pengar på avtalen

Haugesund kultureigedom har kjøpt to av nabotomtene til Edda kinosenter for å kunne utvida. Kjellesvik syns det var eit godt grep, men likar ikkje forslaget om å selja prosjektet, for så å leiga kinodelen tilbake.

– I utgangspunktet likar ikkje me det med å leiga tilbake frå private, fordi det blir ofte dyrare.

Men om det blir ein kombinert sal er ho meir positiv.

– Blir det eit sånt opplegg, då kan eg gjerne samarbeida med private om bygget. Men kinodrift skal for evig og alltid vera ei kommunal oppgåve, seier Kjellesvik.

Styreleiar Arne Førre i Haugesund kultureigedom representerer Høgre. Han seier at prosjektet ikkje vil belasta kommunekassa.

– Haugesund kultureigedom er eit eige AS som har låna sine i banken, har gjort investeringar i tomtegrunn og det har ikkje nokon relasjon til bykassa.

– Så her vil de gjera ting utanfor bykassa, og heller i eit AS?

– Ja, og me håpar også å tena pengar på dette, seier Førre.