Her er knivranaren

Politiet har framleis ingen mistenkte etter ranet i Stavanger natt til i går. Nå vil dei ha hjelp frå publikum.

Shell-ran på Vardeneset

Her blei knivranaren fanga opp av overvakingskameraet då han gjekk inn på Shell-stasjonen på Vardeneset i Stavanger klokka halv fire natt til i går.

Foto: politiet / NRK
Shell-ran med kniv

Her kan du sjå at ranaren brukte ein Glava-isolasjonskniv.

Foto: politiet / nrk

– Me har snakka med folk som bur i nærleiken, men sidan ranet skjedde klokka halv fire om natta er det lite folk har fått med seg, seier politiførstebetjent Vegard Sandland til NRK.no.

Målingsflekkar på skoa

Det var klokka 03.59 politiet i går fekk inn melding om eit knivran på Shell-stasjonen på Vardeneset i Stavanger. I dag går politiet ut med overvakingsbilete, og håper at dette kan føra til fleire tips i saka.

– Ranaren var 180 til 185 centimeter høg, han snakka engelsk, men dette er truleg ikkje morsmålet hans. Han brukte ein isolasjonskniv til å truga til seg pengane og han hadde målingsflekkar på skoa, seier Sandland.

Politiet har ikkje gått ut med kor mykje pengar ranaren fekk med seg. Ingen kom fysisk til skade under ranet, men for personen som var på jobb var hendinga traumatisk opplyser politiet.

– Det er klart at dette er ei traumatisk hending, så personen er sjølvsagt prega, seier Sandland.

Han legg til at den Shell-tilsette får tilbod om hjelp.