NRK Meny
Normal

Fredrik (13) taua brennande båt for brannvesenet

Både politiet og brannvesenet er svært takksame for jobben 13 år gamle Fredrik Hunsbeth Andersen gjorde då det brann i to båtar i Sandnes i dag.

Både politiet og brannvesenet er svært takksame for jobben 13 år gamle Fredrik Hunsbeth Andersen gjorde då det brann i to båtar i Sandnes i dag.

Fredrik Hunsbeth Andersen er godt sjøvand med sju år på sjøspeidaren i bagasjen. (Foto: Mathias Oppedal, klipp: Kirsti Wilhelmsen)

– Innsatsen til Fredrik var kjempegod. Han hjelpte oss med å slepa den eine båten inn til kai slik at me kunne sløkka den ferdig, seier Rune Tønnesen, brannmeister på Forus brannstasjon.

Det var like etter klokka 15 i dag brannvesenet fekk melding om ein kraftig båtbrann i Sandnes. To båtar stod i brann, etter at motoren på den eine hadde teke fyr. Under sløkkearbeidet losna den eine båten frå fortøyinga og byrja å driva utover fjorden.

Båtbrann i Sandnes

Det brann kraftig ved Rovik brygge i dag.

Foto: Ronny Hjertås

– Var redd båten skulle søkka

Verken brannvesenet eller politiet hadde båt innan rekkevidd, men heldigvis var den erfarne sjøspeidaren Fredrik Hunsbeth Andersen (13) på plass med sin to meter lange motorbåt.

– Dei spurde om eg kunne hjelpa til med å taua båten tilbake til brygga, slik at den ikkje skulle sokke, fortel 13-åringen.

Han hoppa i båten saman med ein brannmann utan å nøla.

– Var du ikkje redd?

– Jo, eg var litt redd for at båten skulle søkka, for då ville det ikkje vore noko eg kunne gjort, seier han.

Det kom kraftig røyk frå båtane, og brannvesenet oppmoda folk om å halda seg innandørs. Likevel valde dei å bruka ein 13 år gamal gut i oppdraget.

– Forsvarleg å involvera 13-åring

– Brannrøyken er veldig giftig, men heldigvis var vindretninga slik at me kunne gå utan å pusta inn røyken, seier Tønnesen.

– Var det forsvarleg å bruka ein 13-åring i dette oppdraget?

– Ja, i denne situasjonen vil eg sei at det var det, seier han.

Også politiet er svært takksame for jobben Fredrik gjorde.

– Hadde det ikkje vore for Fredrik hadde me truleg hatt ein jobb å gjera nå med å henta opp båten frå havbotn, seier innsatsleiar i politiet, Morten Vasvik.

Ingen skadde

Hovudpersonen sjølv er først og fremst glad for at ingen blei skadde i brannen, men synst også det er stas å få ros frå naudetatane.

– Det er jo veldig kjekt. Eg har vore med på å taua ein båt før og har øvd litt med sjøspeidaren på slike situasjonar, men eg har aldri vore med på noko slikt, avsluttar Fredrik.

Politiet har gjort tekniske undersøkingar av båten, men kan framleis ikkje sei kvifor motoren tok fyr.

Båtbrann i Sandnes

Du såg røyken godt frå andre sida av Gandsfjorden.

Foto: Rita Vea Voldsund