Hopp til innhold

Frederick Hauge: – Ptil-sjefen bør sparkast

Petroleumstilsynet (Ptil) si handsaming av Goliat-saka har fått begeret til å flyta over for miljøforkjempar Frederic Hauge. – Det verkar som ein etat heilt utan kontroll og styring, seier han.

Frederic Hauge

MISNØGD: Fagleg leiar i miljøorganisasjonen Bellona, Frederic Hauge, meiner at Petroleumstilsynet ikkje tek uromeldingar alvorleg nok. Dette meiner han kan få alvorlege konsekvensar for miljø og for folk.

Foto: Aleksander Andersen / NTB scanpix

For to og ein halv månad sidan sende alle hovudverneomboda på Goliat i Barentshavet ei uromelding til Ptil om situasjonen på den Eni-opererte plattforma.

Her tek dei opp ei rekke forhold som dei meiner er kritikkverdige.

Fagforeningene i Eni Norge mener nåværende situasjon i selskapet er alvorlig og krever derfor at det omgående iverksettes en gransking for å avdekke faktiske hendelser og alle forhold som er i strid med norsk lovgivning og arbeidspraksis.

Uromelding til Petroleumstilsynet

– Uhøyrt

Medan dei framleis venta på svar frå tilsynet opplevde dei i helga å bli evakuert på grunn av eit straumbrot fredag kveld. Nå får ikkje Eni Norge starta opp att produksjonen før dei har funne årsaka til straumbrotet, og fiksa feilen.

Dette er ei historie som skakar Frederic Hauge, som er fagleg leiar i miljøorganisasjonen Bellona. Han meiner at noko av det som gjekk gale på fredag er ting som verneomboda peikte på i brevet sitt, som altså Ptil ikkje har svart på.

– Det er uhøyrt fordi dette er ei alvorleg varsling om alvorlege lovbrot der det kjem fram at dei om bord konstant lev i ei ekstraordinær fare. Dei har krav på svar, men Ptil bryt forvaltingslova. Dei tek rett og slett ikkje varslinga på alvor, seier Hauge.

Goliat

PRODUKSJONSSTOPP: Produksjonen på Goliat har vore nede sidan laurdag og oljeselskapet Eni Norge veit framleis ikkje kva som var årsaka til straumbrotet. Etter plattforma starta opp tidlegare i år har det vore fleire alvorlege hendingar ved plattforma.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Han meiner at direktør i Petroleumstilsynet, Anne Myhrvold, bør sparkast med bakgrunn av handsaminga av Goliat-saka, og det han meiner er liknande saker frå Gullfaks og Nyhamna.

Jobbar med saka

Sjølv avviser ho kritikken frå Frederic Hauge.

– Dette er ikkje eit brot på forvaltingslova. Det er ikkje gitt eit skriftleg svar fordi at arbeidet framleis går føre seg. Me har hatt tett oppfølging og dialog med leiinga i Eni, og med fagforeininga i samanheng med denne saka, seier Myhrvold.

Hauge, som meiner at Ptil har spelt ut si rolle, ikkje bruker makta dei har ovanfor oljeselskapa. Mellom anna går kritikken på at dei ikkje melder saker til politiet.

– Ptil har lært opp Eni i at dei kan gjera kva dei vil. Dei får maks ein liten lapp i posten, seier Hauge.

Anne Myhrvold

Direktør i Petroleumstilsynet, Anne Myhrvold, avviser kritikken frå Frederic Hauge.

Foto: Anders Fehn / NRK

Freist til 5. september

– Me har fleire ulike verkemiddel. Ein tett dialog med selskapa er våre viktigaste verkemiddel. Pålegget som me gav Eni i går er eit uttrykk for at dei må forstå hendinga som skjedde på fredag, og det totale bilete, for å ta vare på tryggleik og miljøomsyn framover for Eni, seier Anne Myhrvold.

Eni har fått freist til 5. september med å gjera klart kva tiltak som er nødvendige, og å setja dei i verk. Planen må presenterast for Ptil innan tysdag.