Hopp til innhold

Fråværet stuper – men frykt for større fråfall

Fråværet i den vidaregåande skulen stuper etter at dei nye fråværsreglane er innført. Vellukka, konkluderer kunnskapsministeren, mens skuleleiarar fryktar auka fråfall.

Fraværet i den videregående skolen stuper etter at de nye fraværsreglene er innført. Og slev om kunnskapsministeren mener det viser at regler var nødvendig så frykter skoleledere økt frafall.

VIDEO: Fråværet har tidlegare vore høgt på Haugaland vidaregåande i Haugesund. Men med dei nye fråværsreglane har det blitt vanleg med fulle klasserom.

Fråværet fell over heile landet. Det viser tal Kunnskapsdepartemenet har henta inn frå ulike fylke dei to første månadane av skuleåret.

Dette stemmer også med det fleire Oslo-rektorar har fortald NRK.

Med den nye fråværsregelen (sjå faktaboks), som har blitt kraftig kritisert, får ikkje elevane standpunktkarakter dersom dei er borte meir enn ti prosent i eit fag.

Her er fråværsnedgangen frå fem ulike fylke:

  • Rogaland: 19 prosent
  • Telemark: 11 prosent
  • Hordaland: 20 prosent
  • Nord-Trøndelag: 32 prosent
  • Østfold: 37 prosent

– Nødvendig med regelendring

Tala viser at det nye fråværsreglementet var på sin plass, meiner kunnskapsministeren.

– Dette tyder på at det var nødvendig med eit reglement for å få fram nærværet og verdien av å vera på skulen når det er skuletid, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Trur fråfallet aukar

Solveig Rossebø Kalstad

Solveig Rossebø Kalstad, rektor Haugaland vidaregåande.

Foto: Arne Gunnar Olsen

Men ved skulane er dei likevel urolege. Berre i Rogaland er det sendt ut over 4000 åtvaringar til elevar som står i fare for ikkje å få standpunktkarakter.

Frykta er at ordninga som skulle få desse elevane til å komma på skulen, heller fører til at fleire fell frå.

– Fråværet kjem til å gå ned og det er bra. Men så trur eg fråfallet kan auka og det er eg veldig uroa for, seier fylkespolitikar i Rogaland, Simon Næsse (Ap).

Kan ikkje gi ekstra tilbod

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Torbjørn Røe Isaksen, kunnskapsminister (H).

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Rektor ved Haugaland vidaregåande i Haugesund seier dei ikkje lenger kan gi ekstra tilbod til elevane som slit med å møta til timane.

– Tidlegare kunne me gi ekstra tilbod til desse ut over året dersom dei kom på skulen. Men nå gjer reglane at me faktisk ikkje kan gjera det, seier rektor Solveig Rossebø Kalstad.

Men kunnskapsministeren meiner at strenge fråværsreglar er positivt for alle.

– Eg trur dette kan bidra til at fleire elevar kjem gjennom skulen og at fleire elevar er til stades og lærer det dei skal. Men me følgjer utviklinga veldig nøye og ser på om det er deler av dette regelverket som må justerast, seier Røe Isaksen.