Hopp til innhold

1600 husstandar framleis utan straum

1600 kundar hos Haugaland kraft er framleis utan straum etter «Nina» sine herjingar i går. Fleire tre hamna over straumlinjene, og det kan ta fleire veker før alt er rydda opp, meiner selskapet.

Tre velta under stormen Nina

Fleire tre har velta etter stormen Nina. Det skaper problem på straumnettet.

Foto: Studio Eidsvik

– Det er veldig vanskeleg å seia når alle får straumen tilbake. Me har alt tilgjengeleg mannskap ute, men det er vanskelege forhold, seier divisjonssjef i Haugaland kraft, Gunn Margareth Lassesen.

Totalt var 10 000 kundar hos Haugaland kraft utan straum i går kveld, fordi den sterke vinden mellom anna førte til at fleire tre datt over straumlinjene.

Klokka 11:30 var det framleis 3000 kundar som endå ikkje hadde fått straumen tilbake, men klokka 15:15 melde selskapet at det no berre er snakk om 1600.

Kan ta tid å rydde opp

Sjølv om ekstremveret no er over, blåser det framleis godt, og det gjer at det tek tid å rette opp feil.

– Det er ein god del vind, og det er mange tre som ligg over linjene. Me er heilt avhengige av å få rydda dei vekk før me kan få retta opp feila på straumnettet, seier Lassesen.

Kor store skadar «Nina» har gjort på straumnettet har dei ikkje oversikta over.

– Me har ikkje oversikta no. Men det er klart at tre som dett over linjer gjer store skader. I tillegg er det også fleire master som er knekte. Så me har nok nokre veker med arbeid foran oss, både med opprydding og retting av skader som har skjedd under stormen, seier Lassesen.

Desse områda er råka av straumbrotet hos Haugaland kraft:

  • Høgspentfeil Syre, Aksnes mot Myklabust i Karmøy Kommune.
  • Høgspentfeil Grinde utover mot Litlaskog, Fjon,Yrkje, Labbavik, Hervik, Muslandsvåg til Stuvik, Ringja, Gismarvik, Tysværvåg i Tysvær Kommune.
  • Høgspentfeil Vikedalsdalen, Imsland, Kvaløy i Vindafjord Kommune.
  • Høgspentfeil Mølstre, Tittelsnes, Hovda, Buavåg i Sveio Kommune.
  • Høgspentfeil i område Mollatveit ut mot Tengesdal i Hylsfjorden i Sauda og Suldal Kommune (vil sette inn aggregat på grunn av omfattande skader på nettet).

I tillegg melder selskapet om at det er mange lågspentfeil.