NRK Meny
Normal

Framleis styrka beredskap i fylket

Politiet tek ingen sjansar og held oppe den styrka beredskapen gjennom helga. Politiet ber våpen både i nord- og sør-fylket.

Politi på gladmat

Gladmaten i Stavanger sentrum er ein av stadane politiet har vald å sette inn ekstra bemanning no i helga.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– I Rogaland politidistrikt held me fram med auka beredskap. Folk vil sjå væpna politi i heile politidistriktet, seier Håkon Strand, assisterande stabssjef i Rogaland politidistrikt i ei pressemelding.

Informasjonen som politiet har på noverande tidspunkt inneheld ikkje trugslar mot konkrete objekt, arrangement eller personar. I Rogaland har politiet vald å sette inn ekstra ressursar på nokre av knutepunkta i fylket.

– Me vil vera ekstra til stades, mellom anna på Stavanger lufthamn, Sola og i Risavika, seier Strand.

Dei har også sett inn ekstra mannskap på Gladmat-festivalen i Stavanger sentrum.

(Artikkelen held fram under bilete)

Politi på gladmat

Væpna politi på Gladmaten i dag.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Også i Nord-fylket held den auka beredskapen fram.

– Politiet i distriktet er i beredskap og har mellom anna fokus på viktig innfartsårer og knutepunkt. Det er vidare innført generell væpning i distriktet; ei avgjerd som er tatt med ein førebyggjande intensjon, og for å følge dei føringar som kjem frå nasjonalt hold, skriv Jan Geir Hessen, fungerande stabssjef i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, i ei pressemelding.

Inn- og utreisekontroll

Politiet har fått fleire spørsmål om bruk av pass ved inn- og utreise i Noreg.

Det har blitt publisert ei presisering på informasjonen om dette på politi.no, og politiet ber publikum om å nytte seg av denne sida for å få mest mogleg oppdatert informasjon.

– Gjer som normalt

Auka beredskap til trass, politiet meiner folk likevel ikkje treng å ta spesielle forholdsreglar, men dei vil gjerne ha tips.

– Me ber likevel folk vera årvakne. Ser du noko mistenkeleg, ring politiet på telefon 02800. Ved akutte hendingar, ring 112, legg Strand til.

Terrorfrykt i Rogaland

Flere nyheter fra Rogaland