Hopp til innhold

– Det er som om Noreg ikkje vil ha sjukepleiarar

Sjukepleiar Tuva Hansen Wik ville koma heim til Noreg for å jobba, men opplevde det som om ho ikkje var ønska. Helsedirektoratet si autorisasjonsordning er framleis altfor dårleg, meiner studentorganisasjon.

Tuva Hansen Wik leiter nå etter sjukepleiarjobb

LANG VEG: Tuva Hansen Wik har jobba som sjukepleiar i Australia i fem år. Nå kan ho endeleg søka jobb i Noreg som sjukepleiar. Ho estimerer at denne prosessen har kosta henne om lag 300.000 kroner og det har teke seksten månadar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Helsedirektoratet står ikkje akkurat med opne armar og ønsker oss velkommen, seier Tuva Hansen Wik.

Ho utdanna seg som sjukepleiar på Griffith University i Australia, og jobba etter dette som akuttsjukepleiar i fem år.

Ole Kristian Bratset

Ole Kristian Braset er president i ANSA (Association of Norwegian Students Abroad), ein studentorganisasjon for utanlandsstudentar som er sterkt kritisk til måten staten behandlar helsearbeidarar som har studert i utlandet.

Foto: Ragnhild Utne / ANSA

I fjor bestemde ho seg for å venda heim.

– Eg hadde alltid ein plan og eit ønske om å vera sjukepleiar i Noreg, og ta meg av folka i landet mitt, seier ho.

Ikkje aleine

Wik visste at ho måtte ta ekstrafag for å få sjukepleiarautorisasjon i Noreg, men det skulle likevel visa seg å bli vanskelegare og dyrare enn ho hadde førestilt seg.

– Eg er heldig som kunne bu hos foreldra mine, viss ikkje hadde eg aldri hatt råd til å bli sjukepleiar i Noreg, seier ho.

Prosessen tok henne seksten månadar, og om ein tek med tap av inntekt reknar ho med at det har kosta henne om lag 300.000 kroner.

– Dette er heilt håplaust, og Wik er ikkje den einaste som opplever dette. Ordninga fører til at me mister dyktige helsearbeidarar, noko som er eit kjempeproblem, seier president i ANSA, Ole Kristian Bratset.

Tuva ser på bilete frå tida då ho jobba som sjukepleiar på sjukehus i Australia

MINNER: Dei to siste åra i Australia jobba Tuva Hansen Wik på akuttmottaket ved Gold Coast University Hospital i Australia. Her fekk dei inn alt frå folk som hadde vore utsette for haiangrep til folk som hadde vore i bilulukker.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Forstår at det kan opplevast som dyrt og komplisert

– Me har forståing for at prosessen kan opplevast som dyr og komplisert, men det er på grunn av pasienttryggleiken me har ei slik ordning, seier fungerande avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Eva Bjerkmann.

Det er dei som har ansvaret for å kvalitetssikra helsefagarbeidarar som har studert i utlandet. Dei siste åra har det kome mykje kritikk for måten denne jobben har blitt utført på.

– Me meiner at autorisasjonsoppgåvene blir løyste godt i Helsedirektoratet slik det er i dag, seier Bjerkmann.

Tuva Hansen Wik

Helsedirektoratet meiner det er positivt å få inn helsefagarbeidarar med erfaring og utdanning frå utlandet, men Tuva Hansen Wik vil ikkje råda andre til å studera til sjukepleiar i land utanfor EU og EØS.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ho legg til at det er politisk vedteke at søkaren sjølv må betala for å få autorisasjon. Når det kjem til behandlingstida seier ho at den truleg vil gå noko ned sidan dei nå får inn færre søknadar etter regelendringar i januar 2017.

Braset i ANSA er ikkje samd i at autorisasjonsoppgåva blir løyst godt.

– Det er ein rotete proteksjonistisk saksgang. Konsekvensen er at terskelen blir større for å reisa ut å studera helsefag som me har underdekning på i Noreg, seier han.

Skriv brev til Helseministeren

Tuva Hansen Wik er glad for at ho til slutt fekk autorisasjonen sin. Likevel vil ho bruka tid på å kjempa for at systemet skal endrast. Nå er ho i gang med å skriva brev til helseminister Bent Høie.

– Håpet er at dei tek tak i problemet og gjer noko med det, seier ho.

Helsedepartementet vil førebels ikkje kommentera saka.