Senterleiar Hans Inge Skadberg på Kvadrat seier alt er som før, kanskje med litt mindre røyk og litt mindre burning.
- Det er jo ein del personal som skal ut, og det er deiras personalparkering i denne etasjen. Det er klart dette ikkje er hyggeleg for dei, seier Hans Inge Skadberg.
To månader
I to månader har fartsglade ungdomar hatt rånetreff i parkeringshuset på Kvadrat. For fleire veker sidan uttalte sandnespolitiet at dei ville rydde opp i problemet, men lite har skjedd. Seinast onsdag denne veka møtte det opp 60 ungdommar for å rusa motorar og svi gummi utan at politiet stoppa dei.
- Patruljane var veldig klar over at dette var ein ny onsdag, men vi er litt prisgitt det som skjer, og er det andre ting som skjer i vårt distrikt så er dei nøydd til å prioritere. Dei er nøydd til å ta dei oppdraga som kjem, seier leiar ved ordensseksjonen på Sandnes politistasjon, Bjørgulf Fjermestad.
Ta seg til rette
Hans Inge Skadberg meiner dette bare er snakk om å sette inn nok ressurser, å prioritere. Politiet gir feil signaler når dei ikkje rydder opp.
- Hvis ungdomane kan halde på så lenge, uten at det blir gjort noko, så er det feil signaler til desse ungdomane og til alle andre at det bare er å ta seg til rette.
Møtte politikarane
Dei unge bilentusiastane var torsdag i møte med politikarar, politiet og vegvesenet for å finna ei løysing på problemet.
Allereie neste onsdag kan rånarane få ein parkeringsplass på Forus som midlertidig plass å køyra på.