Hopp til innhold

– Dei kalla meg dum og sa at eg ikkje kunne noko

Jeanette Fjermestad fekk jakkene sine skorne opp med kniv og blei kalla feit kvar dag på skulen i ti år. Ho er ei av fleire i teatergruppa, Klepp teaterverkstad, som har opplevd grov mobbing.

Jeanette Fjermestad

Jeanette kikkar ut på regnvêret frå huset sitt på Bryne. Ho takkar foreldra, venane, dramagjengen og kjærasten for at ho i dag kjenner seg trygg og har det bra.

Foto: Mathias Oppedal

For nokon er vegen fram til ein scenekant litt meir usannsynleg enn for andre.

Kven kunne til dømes tru at Jeanette Fjermestad (27) frå Bryne skulle få sjølvtilliten som må til, då ho kvar einaste dag blei kalla feit av medelevane på skulen? Eller at Gunnar Stangeland (22) frå Orre skulle få motet som trengst, då han så ofte sat inne i friminutta, i frykt for å bli kasta stein på av dei andre elevane?

I alle fall ikkje dei sjølv.

Ei bragd

Men nå er det like før dei har dei klart det. Backstage i aulaen på Klepp ungdomsskule står dei to saman med alle dei andre i teatergruppa; Klepp teaterverkstad. Nå skal dei snart ut på scena og by på seg sjølv framføre ein fullsett sal.

Sjølv om Klepp teaterverkstad er for personar som treng tilrettelegging, og sjølv om mange av dei som sit i salen er kjenningar og familie av skodespelarane, er dette likevel ei bragd.

For både Jeanette og Gunnar har erfart korleis mobbinga sin stygge natur har prega livet deira, og tvunge dei til isolasjon frå omverda, skulekvardagen og arbeidslivet.

Det er førjulstid og mange setter opp forestillinger. Den gjengen vi nå skal møte har akkurat satt opp sin aller første forestilling og for dem betydde den noe helt spesielt.

SJÅ SAKA FRÅ LAURDAGSREVYEN: Bli med bak scena då Klepp teaterverkstad laga show.

Blei kalla «bolla», «feiten» og «elefant»

– Eg blei mobba frå første klasse på barneskulen til første året på vidaregåande. Frå starten av skuledagen til den var ferdig, seier Jeanette.

Me sit heime hos henne i ein kommunal bustad på Bryne. Jeanette bur her på grunn av at ho har ei lett psykisk utviklingshemming. Ho klarer det aller meste sjølv, men må ha hjelp til enkelte ting.

Ho snakkar gjerne om mobbinga ho har opplevd, sjølv om det gjer vondt.

– Det var både jenter og gutar som mobba meg. Dei sa ord til meg som er svært nedverdigande. Dei sa «bolla», «feiten» og «elefanten». Dei kalla meg også dum og sa at eg ikkje kunne noko. Men det var ikkje alltid berre ord dei brukte.

Jeanette hugsar spesielt ei hending frå då ho gjekk på ungdomsskulen.

Skar opp tre nye jakker

Lærarane må vera klar over at dersom dei ikkje tar tak i mobbing kan det føra til at elevar tar livet sitt eller sluttar på skulen.

Jeanette Fjermestad (27)

– Ein av gutane skar med kniv opp ei heilt ny jakke eg hadde fått. Mor mi kjøpte ny jakke til meg, som eg hadde med på skulen neste dag, denne skar han også opp. Til slutt skar han opp den tredje jakka mor mi kjøpte til meg. Dette var dyre jakker til 300 kroner, fortel ho.

Ho seier vidare at han som gjorde det blei teken etter den tredje jakka han hadde øydelagt, og måtte erstatta jakkene.

I dag treff Jeanette ofte denne guten på gata. Dei stoppar og slår av ein prat. Det er lenge sidan ho fann plass i hjarta sitt til å tilgi han.

Kasta steinar og pinnar

Jeanette Fjermestad

JEANETTE FJERMESTAD (27) blei mobba samanhengande i meir enn ti år. Nå bur ho på Bryne der ho jobbar i barnehage og på bakeri.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK
Gunnar Stangeland

GUNNAR STANGELAND (22) blei mobba heile barne- og ungdomsskulen. I tillegg blei han også mobba på den første arbeidsplassen sin. Nå bur han på Klepp og er svært nøgd med jobben han har i eit transportfirma.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Berre nokre kilometer frå Bryne, der Jeannette blei mobba, ligg Orre. Her gjekk Gunnar Stangeland på skule då han var yngre. I dag bur han på Klepp og lengtar ikkje tilbake til skuletida si på Orre.

Også Gunnar er lettare psykisk utviklingshemma, og gjennom heile barne- og ungdomsskulen blei han mobba. Også han blei kalla stygge ting, i tillegg kunne også elevane gå hardare til verks.

– Dei kasta ting på meg. Steinar og pinnar. Det var heilt forferdeleg, fortel han.

Løysinga for Gunnar blei å isolera seg. Han hadde eit klasserom han kunne gå inn i. Her var han åleine og venta på at timen skulle byrja. Så kunne han gå ut att.

– Eg hadde det fælt

Jeanette på Bryne brukte toalettet til å gøyma seg vekk.

– Der sat eg og hadde det fælt. Eg torde ikkje gå ut før etter timen hadde byrja, i frykt for at det skulle stå ein gjeng utanfor å venta på meg, seier ho.

Det var i friminutta og før og etter skuletid det meste av mobbinga skal ha skjedd. Dette fann skulen saman med Jeanette ei løysing på.

– Eg fekk koma ein halv time etter dei andre elevane, slik at eg ikkje skulle bli plaga på skulevegen.

Men det blei likevel for mykje mobbing, og då ho var i tenåra fekk ho nok.

– Eg klarte det berre ikkje meir, så mor mi tok meg ut av skulen ei stund, slik eg kunne tenka på andre ting.

– Ein super gjeng

Fremst i salen på Klepp sit Elin Søyland og ventar på at førestillinga skal byrja. Dersom nokon på scenen blir nervøse eller kjem utav det er avtalen at dei skal sjå på ho, for å bli trygge eller for å få hjelp.

Elin er instruktør, men dette er likevel ei ny utfordring. Ho har aldri før jobba med ei teatergruppe som dette.

– Dei er ein super gjeng. Det som slår meg først er kor opptekne alle er av godheit, venskap og av å hjelpa kvarandre. Sjølv om mange har opplevd mykje fælt, seier ho.

Gjennom månadane dei har jobba med oppsetjinga har ho fått innblikk i liva til alle i teatergruppa. Når dei har drive med teatersport har mange laga historier av ting dei faktisk har opplevd.

– Det kjem jo fram ein del historier som er hjarteskjerande, men det har vore fantastisk å sjå korleis dei har blomstra på scena. Gruppa finn styrke i kvarandre og kjenner seg dermed ikkje åleine, fortel ho.

Sjølv om ho sit i salen som ein støttespelar i dag, kjenner ho seg trygg på at Jeanette, Gunnar og alle dei andre skal koma seg gjennom førestillinga utan hennar hjelp.

Mobbarane brukte You Tube

Sjølv om Gunnar på Orre hadde funne ein viss tryggleik inne i klasserommet, som verna han mot flygande steinar, hjelpte dette lite mot elevane som var villige til å strekka seg litt ekstra for å gjera livet hans surt.

– Dei la ut ein fæl video om meg på You Tube. Men denne fekk me heldigvis setja ein stoppar for før den fekk spreia seg alt for mykje, fortel han.

Då han skulle byrja på vidaregåande valde han ei tilrettelagt linje på Øksnavad vgs. Livet hans tok då ei ny vending.

– Her blei eg ikkje mobba, slår han fast.

Dermed hadde han tre mobbefrie år. Heilt til han byrja på sin første arbeidsplass.

Gunnar Stangeland

Gunnar har klassebilete i ramme, men han lengtar ikkje tilbake til skulen.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Det verste ho har opplevd

Jeanette gav skulen eit nytt forsøk. Ho søkte seg inn på helsefag på Time vgs. Her heldt mobbinga fram med den same intensiteten som tidlegare, og ho har sitt verste mobbeminne frå denne skulen.

– Det var ein periode eg svetta svært mykje, faktisk så mykje at eg hadde med meg skift på skulen. Kvar dag skifta eg klede i garderoben, innleier ho.

– Ein dag var det to jenter som følgde etter meg ned til garderoben. Dei veit at eg er svært mørkredd, og slo derfor av lyset og lukka døra medan eg skifta klede. Dei sprang av garde, og eg stod att skremd og famlande i mørket.

Når dette skjedde var Jeanette inne i sitt ellevte år som mobbeoffer på skulen. Ho hadde fått nok nå.

Måtte slutta på jobben

Etter Gunnar var ferdig med utdanninga si på Øksnavad var han klar for arbeidslivet.

Han fekk seg jobb i ei bedrift på Jæren, der fann han fort ut at karrieren hans som mobbeoffer framleis ikkje var over.

– Det var visse kollegaer som aldri gav meg fred. Dei var borte hos meg og plaga meg heile tida. Dei gjorde alt dei kunne for at eg skulle fokusera på andre ting enn arbeidsoppgåvene mine, fortel han.

Etter ei stund klarte han ikkje meir. Han sa opp jobben sin i bedrifta.

Bestemte seg for at nok var nok

Jeanette hadde på den vidaregåande skulen nådd eit punkt der ho måtte ta eit skikkeleg oppgjer med mobbarane. Ho tok saka i eigne hender.

– Etter kvart som eg blei eldre blei eg sterkare og sterkare. Eg gjorde det klart for alle at eg ikkje lenger fant meg i og bli mobba. Etter som tida gjekk aksepterte folk dette, fortel Jeanette.

Dermed blei alt betre dei siste åra på vidaregåande. Nå har ho fått seg deltidsjobb i ein barnehage på Bryne, i tillegg til ein deltidsjobb på Bakehuset. Ho seier ho har det bra, men ho opplever likevel mobbing av og til. Ho prøver så godt ho kan å lukka øyra for denne mobbinga.

– Eg har framleis litt psykiske problem, men eg har ein sterk vilje og tenker at eg ikkje skal gi meg. Eg skal vera ein av dei tøffe som står på, same kor mykje eg får i ansiktet skal eg tola det, seier ho.

– Korleis har du fått ein så sterk vilje?

– Hovudsakleg på grunn av familien min, kjærasten, teatergruppa og gode vennar, seier ho og smiler.

– Noko er feil når ein kan bli mobba i ti år

Også historia til Gunnar endar på sett og vis godt. Etter han sa opp jobben sin, fiksa ein kjenning han ein ny jobb. Nå jobbar han som sidemann i ein varebil i eit transportfirma.

– Her har eg det bra og trivest svært godt, seier han nøgd.

Men det hender at Gunnar, som alle andre, også møter motgang i dag. Men nå har han funne ein måte å takla problemet på, som han meiner fungerer svært bra.

– Viss eg blir mobba litt i dag, eller kjenner meg sur av andre grunnar, sett eg meg berre på ein buss. Det er ikkje alltid eg veit kor bussen går, men eg kjem i godt humør, seier han.

Sjølv om han nå har lagt skuletida bak seg, opptar mobbing han svært mykje. Det er også noko dei snakkar om i teatergruppa. Her er dei opptekne av å ta vare på kvarandre og støtta kvarandre.

– Kva tenker du når du høyrer om Jeanette, som har blitt mobba i over ti år?

– Det er fælt å høyra på, og det skulle ikkje vore slik. Når mobbinga går føre seg så lenge er det noko feil. Av og til er det skulane som bør gjera noko, men eigentleg er det også litt opp til kvar enkelt. Om alle kan bidra litt så hjelper det ein heil del, seier han.

– Kva må til for at alle skal bidra?

– At det ein ikkje vil andre skal gjera mot deg skal du ikkje gjera mot dei.

– Lærarane må vera klar over alvoret

Også Jeanette er oppteken av mobbing.

– Kva seier du til barna i barnehagen om dei mobbar kvarandre?

– Det er skilnad på ein unge og ein ungdom, men også dei minste kan sei stygge ting. Då seier eg til dei at dei ikkje får lov til å seia slike ting, svarar ho.

Ho meiner at skulen har eit stort ansvar når det kjem til mobbing. Og at ho sjølv i stor grad har blitt svikta av skulen.

– Dei tok ikkje tak i mobbarane før eg hadde blitt så lei meg at eg gjekk heim. Dei burde tatt tak i det med ein gong. Lærarane må vera klar over at dersom dei ikkje tar tak i mobbing kan det føra til at elevar tar livet sitt eller sluttar på skulen, slår ho fast, og legg til at ho kjenner historier med begge desse utfalla.

Trampeklapp

Når Jeanette og Gunnar går ut på scena i aulaen på Klepp skule, tenker dei ikkje lenger på mobbing. Dei er fullt fokuserte på arbeidsoppgåvene sine. Dei er på scena saman med vennar og dei strålar, sjølvsikre og stolte.

Teppe går ned medan heile salen reiser seg og applauderer med trampeklapp.

Både Jeanette og Gunnar er stolte av det dei har fått til. Det er også instruktøren.

– Dette klarte dei med glans, eg er svært imponert av det dei har fått til. Musikken svikta i Gunnar sitt stykke, men då tok han ein annan song på sparket, fortel Søyland og klappar vidare.

  • Sjå delar av førestillinga i saka lenger oppe i artikkelen

NRK.no har vore i kontakt med rektorane på skulane der Jeanette og Gunnar har gått. Ingen har noko dei vil føya til historia, utanom at dei jobbar for å unngå mobbing på skulane sine.

Jeanette Fjermestad

Jeanette Fjermestad like før ho går ut på scena.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK