Hopp til innhold

Frå fest til fengsel

To unge jenter på 18 og 19 år byrja laurdagskvelden på fest på Indre kai i Haugesund. Avslutninga på kvelden skjedde i arresten lengre sør i byen.

Innkjøring forbudt, indre kai haugesund

Indre kai i Haugesund. Arkivbilde

Foto: Leif Eide

Alt før midnatt henta politiet ei 18 år gammal jente frå ein fest i Haugesund. Patruljen prøvde å køyre ho heim, men kvinna protesterte iherdig på det.

Resultatet blei at ho blei sett i drukkenskapsarresten natta over.

Neste kvinne ut

I totida på natta kontakta ein utestad ved Indre kai, politiet. Ei 19 år gammal kvinne nekta då å forlate utestaden, sjølv om ho hadde fått beskjed om det. Etter ein oppheta diskusjon med politiet enda også ho i arresten.

Menn i fleirtal

Elles var det som vanleg flest menn som blei viste vekk frå Haugesund sentrum natt til søndag. Blant dei var tre austeuropearar, som etter eit slagsmål på ein utestad blei meldt til politiet.

Trass i dårleg vêr, var det mange festglade menneske ute i gatene i Haugesund til langt på natt. Det blei ei travel vakt, melder politiet på Twitter.