Då renta gjekk opp, gjekk salet ned.
Nå fryktar byggebransjen eit mørkt 2023.

Frå byggeboom til byggestopp

Sauene kan fortsatt beite i fred på Bryne.

Her skulle Byggmester Sagen bygd 15 familiebustadar. Men på eit halvt år er det knapt selt eit hus.

Nå er byggmesteren sin del av prosjektet lagt på is gjennom vinteren.

«Det er veldig stille nå. Renta har gått opp, straumprisane har gått opp. Folk er skeptiske og redde.»

Jo Frøyen, dagleg leiar i Byggmester Sagen

2022 vil truleg bli det svakaste året for sal av nye bustadar sidan finanskrisa, ifølge Boligprodusentene.

«Byggebransjen er nå den bransjen som er mest skeptisk til korleis det skal gå det neste halve året.»

Tone Grindland, regiondirektør i NHO i Rogaland

61 prosent av bedriftene i byggebransjen seier til NHO at dei er svært bekymra for kva dei neste seks månadane vil bringa.

Redninga kan bli prosjekt som dette, meiner bransjen.

I Klepp er bedrifta Jærentreprenør i gang med å bygga ny skule.

Offentlege prosjekt blir viktigare når det går dårlegare på den private marknaden.

«Nedgangen i salet av bustader gjer det utfordrande å få nye oppdrag. Då blir slike prosjekt viktigare for å halda hjula i gang og folk i arbeid.»

Hans Kristian Aasland, dagleg leiar i Jærentreprenør

I nabokommunen Sola har den gamle barnehagen på Røyneberg blitt riven.

Nå er villniss og ugras i ferd med å ta over tomta.

For politikarane har bestemt seg for å venta med å bygga ny.

«Anbodet var veldig mykje høgare enn budsjett. Så me vil gå ein runde til. Me trur me får meir for pengane om me ventar litt.»

Tom Henning Slethei, ordførar i Sola (Frp)

NHO får nå høyre frå fleire bedrifter at det er færre offentlege oppdrag å konkurrera om.

«At det offentlege spekulerer i at prisane skal gå ned kan ein jo forstå, men eg trur ikkje det kjem til å skje.»

Tone Grindland, regiondirektør i NHO i Rogaland

«Eg er bekymra for at det offentlege ikkje skal gjera det dei har sagt, for det vil ramma hardt.»

«Viss stat og kommune held tilbake prosjekt nå, vil dette bli mykje verre. Og då kjem det til å bli ein ekstrem tøff haust neste år.»

Jo Frøyen, dagleg leiar i Byggmester Sagen

Byggmester Sagen har nok å gjera fram til hausten. Men dersom dei 140 tilsette framleis skal vera i jobb etter det, treng dei nye oppdrag.

«Viss ikkje er den einaste løysinga å permittera. Då har me ikkje noko anna val.»

Jo Frøyen, dagleg leiar i Byggmester Sagen

Fotograf

Øystein Otterdal

Reporter

Kjersti Hetland

Innhaldsutviklar

Ole Andreas Bø
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal