Hopp til innhold

Fekk sertifikat til 200.000 kroner og fast jobb via Nav

For seks månader sidan hadde Mads Arild (33) aldri køyrt tungtransport. No har han fått fast jobb som yrkessjåfør. – Det er godt å komme i gang.

Mads Helleberg Hamre (33) er ansatt som yrkessjåfør i Rennesøy trafikk.

Mads Arild Helleberg Hamre (33) er tilsett som yrkessjåfør i Rennesøy Trafikk.

Foto: Marte Skodje / NRK

Det er tidleg morgon og høg aktivitet ved godsterminalen på Forus i Stavanger. 15 vogntog blir gjorde klar for ulike oppdrag langs vegane i Rogaland.

Ein heilt vanleg dag på jobben. Men ikkje for Mads Arild Helleberg Hamre.

Dette er nemleg hans aller første dag på jobb som yrkessjåfør.

Kall det gjerne ein barndomsdraum. Alle har jo lyst til å køyre lastebil.

Det seier 33-åringen frå Tananger og smiler.

Helleberg Hamre er fersk i yrket, men likevel godt kjent med bransjen. Begge brørne hans er sjåførar, og sambuaren og nesten heile slekta hennar er i transportbransjen.

Mads Helleberg Hamre (33) er ansatt som yrkessjåfør i Rennesøy trafikk.

– ​​​​​​​ Det beste er at eg no kjem meg ut og blir kjent med nye folk. Eg får jobbe med noko eg liker, og kollegaene verkar veldig trivelege, seier Helleberg Hamre.

Foto: Marte Skodje / NRK

Samtidig har vegen til førarhuset vore lang og utfordrande den nytilsette sjåføren.

Eg fullførte aldri skulen og har inga utdanning, og eg har derfor vore litt av og på med jobbing. I tillegg var eg 50 kilo tyngre og sleit med både rygg og kne. Etter ein slankeoperasjon forsvann plagene, men eg har likevel vore utan arbeid i 2,5 år, før eg vart tilsett her.

Fast jobb utan erfaring

I Noreg er behovet for yrkessjåførar så stort at fleire bedrifter vil tilsetje arbeidsledige utan kompetanse.

Helleberg Hamre er blant dei som no har vorte kursa til å bli yrkessjåfør.

Vi vil understreke at det er gode sjåførar som slepp gjennom dette nålauget. Alle er gjennom grundig opplæring i bedrifter når dei er ferdig på sjåførskulen.

Det seier Reidar Retterholt, regionssjef i Norges Lastebileier-Forbund, Rogaland og Agder (NLF).

Reidar Retterholt er fylkesleder for Norges lastebileierforbund i Rogaland og Agder.

– ​​​​​​​ Til no har 14 sjåførar fått fast jobb. Tre kandidatar har litt igjen på førarkortet, men kjem til å klare det og vil også snart vere ute i jobb, seier Retterholt.

Foto: Marte Skodje / NRK

Prosjektet er eit samarbeid mellom Nav, fleire ulike transportfirma og Norges Lastebileier-Forbund, Rogaland og Agder (NLF).

Av rundt 60 påmelde fekk 20 personar tilbod om kurs, og på den måten har fleire komne seg ut i arbeidslivet.

Ut av arbeidsløysekøen

Dette har forandra livet mitt.

Det seier Thomas Holmberg (35), som til liks med Helleberg Hamre også er fersk sjåfør for tungtransport.

Etter å ha teke kursa i regi av NFL og Nav har Holberg fått fast jobb som yrkessjåfør for Maksi Distribusjon.

Eg bestod førarprøva i går, og det gir meg høvet til å sjå framover, fortel han.

Thomas Holmberg (35) er ansatt som yrkessjåfør for Rennesøy trafikk og Maxi.

Thomas Holmberg er ein av 14 tidlegare arbeidsledige som no har fått fast jobb som yrkessjåfør.

Foto: Marte Skodje / NRK

Dette løyser ikkje sjåførmangelen, men vi hjelper folk ut i jobb og samtidig får vi rekruttert inn nye.

Det seier Egil Torgersen som er dagleg leiar for Rennesøy Trafikk.

Korleis er det å tilsetje folk som ikkje har køyrt lastebil før?

– Vi må byrje på scratch. Det er store og tunge bilar, og det forpliktar både med trafikktryggleik og handtering av gods. Vi bruker tid på opplæring etter at dei har fått lappen, svarer han.

Egil Torgersen er daglig leder for Rennesøy trafikk.

Egil Torgersen er dagleg leiar for Rennesøy trafikk.

Foto: Marte Skodje / NRK

Nav tek rekninga

Samarbeidde mellom NFL og Nav gjeld berre dei som av ulike årsaker står utanfor arbeidslivet.

Mange utan jobb viser no interesse.

– Det er stor pågang for å få dette tiltaket i Nav, seier Synnøve Schei, leiar for Nav Marked i Rogaland.

Nav Rogaland har til no betalt mellom 160.000 til 200.000 kroner for køyrebevisa til kvar enkelt deltakar på kurset.

Synnøve Schei er leder for NAV marked i Rogaland.

Synnøve Schei er leiar for Nav Marked i Rogaland.

Foto: Marte Skodje / NRK

Målet er at alle som får klasse C/CE (ekstern lenkje) skal få seg jobb etter at dei har fått sertifikat.

– Behovet for fleire yrkessjåførar er framleis stort, og NFL og Nav går no i gang med eit nytt kurs i Sør-Rogaland med oppstart til hausten, seier Schei.

Flere nyheter fra Rogaland