Hopp til innhold

Fotball mot ekstremisme

– Me skal skape eit trygt og godt samfunn, det er vårt hovudmål.

Fotballkam mellom Imamer og prester

Summer Ejaz meiner møteplassar for samhald og integrering blir viktig for tida som kjem.

– Me har eit felles mål om å skapa eit trygt og godt samfunn, og då er samhandling det viktigaste. Det er slike prosjekt og tiltak me treng, seier Summer Ejaz.

Ejaz er styremedlem i Muslimsk Fellesråd, og klar for fotballkamp i Stavanger Idrettshall. Ein venskapskamp – imamane mot prestane.

Laurdag var det duka for arrangementet "Ett Mål, Ett Samfunn" som er eit samarbeid mellom Muslimsk Fellesråd i Rogaland (MFR), og Kirkelig Dialog Senter.

M​FR har fått stønad frå Kommunalstyre for kultur og Idrett for driva med sport og sosiale aktivitetar for muslimsk ungdom, for å førebyggja radikalisering og ekstremisme.

Integrering frå første dag

– Eg trur det er veldig viktig for tida som kjem at me skaper meir møteplassar for integrering og samhandling. Og idrett er ein arena der du ikkje treng å beherska norsk for å vera med på eit lag og delta i fellesskapet. Språket kjem etter kvart, men integreringa skjer frå første dag, seier Ejaz.

I tillegg til kamp mellom imamar og prestar, var det påmeldt 17 lag frå forskjellige trussamfunn og idrettslag. Det var også påmeldt to lag med flyktningar og asylsøkarar frå Alstor hotell, samt at det blei haldt ei parallell volleyballturnering for jenter.