I statsbudsjettet som den raudgrøne regjeringa la fram i dag kom det fram at Stavanger var den store taparen når det kom til belønningsmiddler til kollektivtransport.
Medan Trondheim fekk 170 millionar og Bergen 162 millionar fekk oljehovudstaden berre 60 millionar kroner. Ordføraren er ikkje nøgd.
– Me er veldig skuffa over kollektivsatsinga til den raudgrøne regjeringa, seier Christine Sagen Helgø (H) til NRK.
- Les òg:
Fire kommunar som må einast
Pengane blir fordelte ut frå tiltak dei ulike byområda allereie har sett i gang for å få fleire folk over på kollektivtransport. Ein fordelingsmetode Sagen Helgø meiner har slått urettferdig ut.
– Me meiner at me har gjort veldig mykje, og at byar som Trondheim er forfordelt samanlikna med Stavanger. Skal me gjera noko må me også ha pengar for å gjera det.
I Stavanger-regionen er det fire kommunar som saman med fylkeskommunen som må einast om kollektivtiltak, noko som også stiller Stavanger i ein meir komplisert situasjon enn dei andre byane meiner Sagen Helgø.
Treng meir enn 60 millionar
Nå stolar høgreordføraren på hennar eigne, som skal danna den nye blå regjeringa.
– Dei har jo signalisert at det vil bli satsa på kollektiv, og spesielt i byområda. Derfor forventar me at Stavanger får meir pengar i det endelege statsbudsjettet, som den nye regjeringa skal vedta.
- Les òg:
- Les òg:
Ho meiner at ein region som Stavanger-regionen sjølvsagt bør få meir pengar til å gjennomføra tilrettelegging for kollektivreising.
– Men de har jo hatt moglegheit til rushtidsavgift?
– Det er ikkje sikkert at rushtidsavgift er det rette i denne regionen, når me tener så godt her. Me må finna dei metodane som passar oss her i regionen. Men det som er sikkert er at me må ha meir enn 60 millionar kroner for å gjera noko med utfordringane me har her.
Ho understrekar likevel at mykje allereie har blitt gjort på kollektivfronten, spesielt mellom Stavanger og Sandnes ved Mariero.
– Me har berre diskutert og diskutert
Ap-ordførar i Sandnes, Stanley Wirak, meiner også at 60 millionar er lite, men meiner at kommunane på Nord-Jæren har seg sjølv og takka.
– Me må berre gjera det dei andre regionane allereie har gjort; legga til rette for kollektivtrafikk. Dersom dette skjer er eg sikker på at det kjem meir pengar.
– Men kvifor har de ikkje klart å gjera meir? De er fire kommunar som samarbeider om dette.
– Nei, me har berre diskutert og diskutert. Me må over på handling. Byrja å grava og få på plass bussveg.
– Kva med rushtidsavgift?
– Først må me få på plass eit bra kollektivtilbod, så får me heller sjå kva som skjer vidare. Men noko må skje. Me er allereie i gang, men det har gått alt for tregt.
- Les òg:
SJÅ VIDEO: Stanley Wirak (Ap) er alt i alt nøgd med statsbudsjettet.