Hopp til innhold

– Forslaget er heilt idiotisk

Arbeidarane på oljeleverandørbedrifta, Aibel på Forus, forventar å ha gratisparkering på jobb. Når dei høyrer forslaget frå regjeringa, blir dei sinte.

Arbeidarane på oljeleverandørbedrifta, Aibel på Forus, forventar at dei skal ha gratisparkering på jobb. Når dei høyrer forslaget frå regjeringa, blir dei sinte.

► SJÅ VIDEO: Arbeidarane på Aibel, Forus, er lite nøgde med at dei kan bli pålagde å betala for å parkera på arbeidsplassen sin.

Pål Morten Borgli

Varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli, meiner det er på tide å bruka gulrot i klimadebatten.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Dei sit og nyt ein kaffipause utanfor arbeidsplassen sin Aibel på Forus.

Her er jobbar fleire hundre personar, noko ein stor og full parkeringsplass også vitnar om.

Dei tilsette ved oljeleverandør-bedrifta har vanskeleg for å ta forslaget frå regjeringa seriøst. I framtida må dei kanskje betala for å parkera her.

– Kvifor skal me bli straffa

– Det høyrest heilt idiotisk ut, om eg skal sei det rett ut. Me er ikkje tente med det. Me er tilsette på ein arbeidsplass, kvifor skal me bli straffa for det, spør Jan Roger Eidet.

Det Samferdsledepartementet føreslår er å la kommunane i landet innføra parkeringsavgift på butikkar og bedrifter, med meir enn 10 parkeringsplassar.

– Me ynskjer sjølvsagt ikkje å betala for å stå her. Når me jobbar her forventar me å ha privilegiet av å kunna stå her gratis, seier ein annan frå Aibel, Edwin Gilbert.

Får støtte frå varaordførar

Målet med forslaget er mindre biltrafikk og reduserte utslepp, men dette er heilt feil måte å gjera det på, ifølgje varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli.

– Dette er heilt på tryne. I staden for å alltid bruka pisken, er det på tide ein heller nyttar seg av gulrota for å få til noko, seier varaordførar i Sandnes, Per Morten Borgli frå Framstegspartiet.

Han meiner at det heller burde bli snakka om avgiftslette på miljøvenlege bilar og eit godt kollektivtilbod, framføre å snakka om parkeringsavgift på arbeidsplassane til folk.

Parkerte bilar

Offentlege og private parkeringsplassar med plass til meir enn ti plassar, kan få parkeringsavgift dersom forslaget frå regjeringa går gjennom.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Handlar om klima

– I det store bilete handlar dette om klima. Biltrafikken står for eit av dei største utsleppa me har, me må nokon restriksjonar i forhold til dette, seier Per A. Thorbjørnsen i Stavanger Venstre.

Han ønskjer derfor ei parkeringsavgift velkommen, i første omgang på sin eigen arbeidsplass, på Rådhuset i Stavanger, og andre sentrumsnære arbeidsplassar.

– Eg kan forstå at dei som jobbar i Forus-området kan bli frustrert. Men når bybanen kjem på plass, samt eit betre busstilbod, då har kanskje tida kome for å innføra parkeringsrestriksjonar der også.

Det kan likevel vera vanskeleg for Thorbjørnsen å få arbeidarane på Aibel over til buss.

– Dersom det blir parkeringsavgift her ute, vil du då heller ta buss?

– Nei, eg veit ikkje ein gong kor bussen går ute her, seier Jan Roger Eidet.

Byting av buss og det at ein må stå opp tidlegare gjer også at busstilbodet ikkje freistar Aibel-arbeidaren.