Hopp til innhold

Denne bussen manglar sjåfør – og den kjem til Norge

I desember blir den første førarlause bussen levert til Norge. Dersom politikarane gir grønt lys så kan den vera i full drift utanfor Stavanger allereie neste sommar.

Kolumbus sin nye førarlause elbuss

FØRARLAUS BUSS: Bussen som blir levert i Stavanger i desember vil ha ein maksfart på 40 kilometer i timen og har plass til seks passasjerar. Det er franske Easymile og Forus PRT som leverer bussen.

Foto: Easymile/Knowit

– Det er nærmast som eitt rullande busskur vil eg sei. Dette er ein teknologi på full fart inn, og det er veldig spanande at me skal testa det ut her, seier kommunikasjonssjef i transportselskapet Kolumbus, Elisabeth Tostensen.

Saman med Forus Næringspark, ITS Norway og Forus PRT har dei syta for den første førarlause elektriske bussen kjem til Forus, som er norges største næringspark.

– Bussen skulle blitt levert i oktober, men forseinkingar har ført til at me ikkje får den før i desember, seier Stein Racin Grødem, som er administrerande direktør i Forus Næringspark.

Elisabeth Tostensen og Stein Racin Grødem

PÅDRIVARAR: Elisabeth Tostensen som er kommunikasjonssjef i transportselskapet Kolumbus og Stein Racin Grødem som er administrerande direktør i Forus Næringspark gler seg til å få testa ut den førarlause bussen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Seks passasjerar, ingen sjåfør

Når bussen med plass til 6 passasjerar blir levert, vil dei gå i gang med å testa den ut på eit avgrensa område som er fritt for trafikk.

Når dette arbeidet er gjennomført vil dei ha den ut i trafikken på ein fire kilometer lang trasé (sjå video nedanfor). Først utan passasjerar, men med ein operatør frå leverandøren Easymile. Deretter med passasjerar og utan operatør.

– Ønsket er at den skal gå i ei ringrute på Forus frå busstopp til busstopp, seier Grødem.

Bussen vil ha ein gjennomsnittsfart på 25 kilometer i timen og ein maksfart på 40.

– Kva med tryggleiken rundt ein førarlaus buss?

– For oss i Kolumbus har det vore viktig å vera med heilt frå starten slik at me kan sørgja for at dette skjer på ein god måte. Tryggleik er alltid i førarsetet hos oss, seier Tostensen.

Når dette arbeidet er gjennomført så er ønsket å ta den ut i trafikken på ein fire kilometer lang trasé (sjå video). Først utan passasjerar, med ein operatør frå firmaet Easymile, som leverer bussen, om bord. Deretter med passasjerar og utan operatør.

TRASÉEN: Dette er traséen Forus Næringspark og Kolumbus ønsker at bussen skal trafikkera. Men det må dei først få løyve til frå politikarane.

Kan vera i drift neste sommar

Men før bussen kan setjast ut i trafikken må sjølvsagt ein del ting på plass.

Regjeringa er i full gang med å utarbeida eit lovverk for førarlause bilar, og satsar på å ha klart eit lovforslag innan våren 2017. Forus Næringspark ønsker likevel å vera ute før dette, og søkjer derfor om å få det gjennomført som eit pilotprosjekt.

– Signala me har fått frå samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen så langt har vore positive, seier Grødem.

Dersom planen deira går gjennom, og teknologien spelar på lag, så reknar dei med at den førarlause bussen, som kjem i desember, kan gå i normalrute allereie sommaren 2017.

Allereie nå i haust kjem ein buss av same type til Norge, denne skal bli vist fram på ulike teknologimesser før den blir sendt tilbake til produsenten i Frankrike.