Hopp til innhold

Forsvarer «straumrekning» på 200.000

Eit ungt par på øya Ombo i Ryfylke må punga ut over 200.000 kroner for å få straum til huset. Nå forsvarer regjeringa regelverket som gjorde at norske nettselskap kunne krevja inn 1,3 milliardar kroner i fjor.

Hustomt i Møllelia på Ombo i Finnøy kommune

Her på Ombo i Ryfylke vil eit ungt par bygga hus. Men for å få straum til huset, må dei ut med 210.000 kroner. Det var fullt i nettstasjonen bustaden skulle koplast på.

Foto: Privat

– Eg forstår at dette kan vera ein vanskeleg situasjon for det unge paret. Slik eg har forstått det utløyser i dette tilfellet tilknytinga til straumnettet eit behov for oppgradering av nettet i området. Samstundes er regelverket om anleggsbidrag laga for å vareta ulike omsyn, seier statssekretær Elnar Remi Holmen (Frp) i Olje- og energidepartementet.

NRK fortalde i slutten av november historia om eit ungt par på øya Ombo i Ryfylke som må ut med over 200.000 kroner for å få elektrisitet til huset dei vil bygga.

Etter det har NRK blitt kontakta av fleire nordmenn som fortel om liknande historier, og beløp fleire gonger større enn dette for å kopla seg på elnettet.

Nettselskapa har likevel lov til å krevja betaling (sjå fakta om anleggsbidrag) for å få dekka kostnadar ved nye nettilknytingar og ved nettforsterkingar gjennom kontrollforskrifta (ekstern lenke).

1,3 milliardar i anleggsbidrag

Per Jæger

Per Jæger, administrerande direktør i Boligprodusentenes Forening.

Foto: Johnny Syversen

I fjor kravde norske nettselskap inn i overkant av 1,3 milliardar kroner frå privatpersonar og bedrifter for at dei skulle få kopla seg på straumnettet (anleggsbidrag), viser tal NRK har fått frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– Tala viser at dette er ei stor inntektskjelde for nettselskapa som også tar inn store summar på nettleige. Eg trudde nettselskapa skulle vareta samfunnet sine interesser ved at me får straum fram til husa våre, seier administrerande direktør i Boligprodusentenes Forening, Per Jæger.

Han meiner kommunane, som i stor grad eig nettselskapa, bør vera restriktive med å ta ut utbytte for å unngå store anleggsbidrag.

– Me håpar kostnadane for å kopla seg på straumnettet kan bli tatt inn over nettleiga, men det bør også vera greitt med ei tilknytingsavgift slik det er på veg, vatn og kloakk.

Kan klaga til NVE

Torfinn Jonassen, seksjonssjef ETN

Torfinn Jonassen, seksjonssjef for Elmarkedstilsynet i NVE.

Foto: Stig Storheil / NVE

Dei som meiner beløpet for å kopla seg på straumnettet er feil, kan klaga til NVE.

Talet på klagesaker ligg på om lag 30 i året, og dei siste ti åra er det fatta om lag 130 vedtak der det har vore usemje mellom nettselskap og kunde, ifølge NVE.

– I forhold til kor mange tilknytingar til straumnettet det er i løpet av eit år, er det få saker me får til behandling. Men i ein del av tilfella går vedtaka til fordel for kundane, seier seksjonssjef for Elmarkedstilsynet i NVE, Torfinn Jonassen.

Elnar Remi Holmen

Elnar Remi Holmen, statssekretær i Olje- og energidepartementet (Frp).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / OED/Scanpix

Han meiner det er rett av nettselskapa å krevja såkalla anleggsbidrag når ein skal kopla seg på straumnettet, og påpeikar blant anna at dersom ikkje den som knyter seg på nettet betalar, går nettleiga opp for dei andre kundane i området.

Olje- og energidepartementet påpeikar at hovudprinsippet er at investeringar i nettet som blir utløyst av ein kunde, blir betalt av kunden.

– Nettselskapet må rekna ut anleggsbidrag i tråd med regelverket på området. Eventuell usemje kan klagast inn for NVE, med Olje- og energidepartementet som klageinstans, seier statssekretær Elnar Remi Holmen.