NRK Meny
Normal

Forsvararen til ein av dei sikta: – Trur politiet er på rett spor

Like etter fengslingsmøte til klienten sin i Tina Jørgensen-saka seier forsvarar Odd Rune Torstrup at han trur politiet er på god veg til å oppklara den 15 år gamle drapssaka.

Odd Rune Torstrup

Odd Rune Torstrup etter fengslingsmøtet til klienten sin.

Foto: Simon Solheim / NRK

Klokka ti i dag gjekk fengslingsmøtet for 36-åringen som var den første av fire til å bli sikta i drapssaka på Tina Jørgensen på onsdag. Han møtte sjølv ikkje opp i retten på grunn av mediepresset.

– Vil ikkje gå lenger

Berre forsvararen hans var til stades, han sa følgjande etter møtet:

– Eg trur at politiet er på rett spor til å oppklara Tina-saka, men det er framleis mange lause trådar. Det er veldig viktig at dei som eventuelt er skuldige ikkje får høve til å setja seg inn i andre sine forklaringar, seier Odd Rune Torstrup.

Han støtter dermed opp under politiet sitt ønske om å varetektsfengsla klienten hans med brev- og besøksforbod i to veker.

Det kan også tyda på eit spel som er i gang forsvararane mellom, der ein er i ferd med å fordela roller i saka.

Torstrup seier at han bygg utsegna på fakta i saka og dokument han har innsyn i, men vil ikkje utdjupa kommentaren utover det.

– Eg vil ikkje gå lenger enn det eg akkurat sa, seier han.

Tingrettsdommaren har framleis ikkje kome med ei avgjersle i fengslingsspørsmålet.

Nye fengslingsmøte i ettermiddag

To andre skal i fengslingsmøte klokka 12 i dag, medan det siste møte blir heldt klokka 13.

Det er framleis berre to som er avhøyrt i saka. Ein av desse er 36-åringen frå Lyngdal, som blei teken i 18-tida i går kveld. Han har fått ny forsvarar.

– Eg er på veg til Stavanger nå, og har framleis ikkje fått snakka med klienten min. Han er heller ikkje avhøyrt endå, seier forsvarar Thomas Randby til NRK.

Den siste som blei teken var ein 38-åring, som blir forsvart av Olav Sylte. Han nektar straffskuld opplyser forsvararen.