Hopp til innhold

Forsvarar partileiaren etter oljeutspel

Iselin Nybø (V) meiner at partileiar, Skei Grande, har blitt misforstått i samanheng med utspelet i Dagens Næringsliv. – Olja er viktig, også for Venstre, slår Nybø fast.

Iselin Nybø (V)

Iselin Nybø (V) er førstekandidat for Venstre i oljefylket Rogaland.

Foto: Mari Halvorsen

Venstre-leiar Trine Skei Grande er i dag sitert i DN.no med ei kraftsalve mot Norge si satsing på petroleumsindustrien i utdanninga.

– Det er katastrofe for norsk økonomi at me utdannar folk til olja, og ikkje satsar tyngre innanfor fornybar energi, skal partileiaren ha sagt under eit seminar om høgare utdanning måndag.

– Olja skal vera viktig også i framtida

Iselin Nybø (V), som er oljefylket Rogaland sin førstekandidat i årets stortingsval, meiner at partileiaren er misforstått, etter utsegna har møtt sterk motstand frå oljenæringa.

Nybø slår fast at det framleis bør bli utdanna folk til oljeindustrien.

– Me er i Venstre opptekne av at olja har vore viktig, ho er viktig og skal også vera viktig i framtida. Eg trur det Trine meiner er at me i tillegg til å utdanna og forska innanfor olja, må leggja til rette for eit mykje breiare utdanningsløp og bruk av pengane, seier ho.

Ho siktar då til eit større fokus på alternativ energi.

– Me må legga til rette for at folk som ikkje vil inn i olja, kan velja alternative karrierevegar, seier Nybø.

– Må tenka fleire tiår fram i tid

I Dagens Næringsliv får også Skei Grande utdjupa kva ho meinte med utsegna sitt.

– Poenget mitt er at me stort sett utdannar folk til behov me har i dag, og ikkje for framtida. Regjeringa bidreg ikkje med nok innovasjonskraft i utdannings- og forskingssektoren, seier Skei Grande.

Nybø lover likevel at Venstre også vil satsa på olje i framtida.

– I vår region vil det vera behov for folk i olja framover også, poenget er berre at me må tenka breiare i utdanninga. Me må tenka fleire tiår fram i tid, og då må me tenka breiare, seier ho.

Sende ut pressemelding etter utspelet

Ikkje lenge etter utspelet kom også ei pressemelding frå Venstre der det står at Trine Skei Grande ønsker å nyansera spissformuleringa i DN.

– Det er ingen katastrofe at ein utdannar folk til oljesektoren. Oljebransjen og dei folka som jobbar der har vore og er ein svært viktig bidragsytar til verdiskaping, velferdsstaten og til utvikling av norsk teknologi.

– Mitt poeng er at det kan bli ein katastrofe for norsk økonomi om me ikkje samstundes bygg opp ei tilsvarande satsing på forsking og utdanning innan framtidas energikjelder, kunnskaps- og teknologibedrifter og fornybare næringar som til dømes fisk og havbruk, skriv Skei Grande i pressemeldinga.