Hopp til innhold

Forsvant etter gjeldsinnkreving

54 år gamle Zahid Mahmood Butt frå  Stavanger, forsvant etter at han hadde krevd inn ein større pengesum.  Ingen har sett mannen sidan mandag 9. juli.

Broren,Mahmood Shaukut Butt, snakkar ope om det som har skjedd.

Zahid Mahmood Butt

Zahid Mahmood Butt har vore sakna sidan 9. juli

Foto: Politiet

 

- Dette er veldig underleg, seier han.

Broren var hos han laurdag den 7. juli.  Då fortalde han at han skulle til ein slektning på mandag for å henta eit større pengebeløp.

Torsdag den 12. juli, ringte skuldaren til Mahmood Shaukut Butt, og lurte på om han hadde sett den sakna.    Då stod ennå  bilen hans på gata utforbi der han hadde henta pengane.

- Nå ber me til Gud og håpar det beste, seier Mahmood Shaukut Butt.

Han fortel at broren skulle kjøpa hus i Skudeneshavn.  At han hadde fått tilslag på ein bustad der og at han var i ferd med å samla inn pengar, som andre skulda han, for å betala huskjøpet.

- Huset på Storhaug var det døtrene hans som skulle ha.  Å finne eit anna hus i Stavanger er svært dyrt, derfor hadde han og kona bestemt seg for å flytta til Skudeneshavn, der dei hadde funne eit hus til ein grei pris, seier broren.

Politiet jobbar med saka

Familien har gått til politiet med det dei veit. 

- Me har bede politiet  om å undersøkje om Zahid Mahmood Butt kan ha reist ut av landet, seier broren.

Tidlegare har den sakna gjort dette på kort varsel, men då har han alltid gitt beskjed. Heller ikkje kona kjenner noko til at mannen hadde reiseplanar.

- Såvidt me har fått opplyst har han ikkje brukt Visa-kortet sidan han forsvant, seier broren.  

Han ser på det som urovekkjande, for den sakna brukte alltid kort når han betalte.

Advokaten har fleire opplysningar

Advokaten til den forsvunne,  Arvid Sjødin, seier i dag til Rogalands Avis ,at han har nye opplysningar i saka. Sjødin skal i møte med politiet i dag.

– Eg har informasjon som jeg reknar med at politiet vil ha, seier Sjødin.

Kva denne informasjonen går ut på, vil han ikkje seie noko om  ennå.