Hopp til innhold

Første skuledag utan Sunniva Ødegård

Ein plass stod ledig i klasse 9A på Varhaug ungdomsskole i dag. – Me er lei oss for at Sunniva ikkje er her, og fekk oppleva skulestart med oss.

I dag var første skuledag på Varhaug ungdomskule

Elevane på Varhaug ungdomsskole fekk ein spesiell start på skuleåret.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

I klasserommet der Sunniva Ødegård skulle ha vore i dag, stod det i standen eit bilete av ho ved kateteret. I tillegg til eit tent lys og ei rosa rose. Sunniva likte rosa.

Det har gått om lag tre veker sidan ho blei funnen drepen natt til måndag 30. juli. Ein 17 år gammal sambygding har seinare tilstått drapet.

– Det blei nok meir tydeleg for mange i dag når det står pult tom, og at Sunniva er vekke, seier kontaktlærar for klasse 9A Elisabeth Hovstad Taksdal.

Første skuledag starta på ein heilt anna måte enn det som er vanleg.

– Eg snakka om sorg, og om det å vera lei seg og om å sakna nokon. Og sjølv om ein er lei seg, er det lov å ha det kjekt utan å ha dårleg samvit for det.

Ein tøff jobb

Kontaktlærar for klasse 9A Elisabeth Hovstad Taksdal, håpar at med tida til hjelp kan elevane få ein normal kvar dag att.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

I tillegg var kommunelegen og politiet innom klasserommet for å snakke med elevane.

Legen snakka mellom anna om korleis elevane skal takla sorg.

Deretter laga elevane ein minneperm, som familien til Sunniva skal få. Der alle fekk høve til å skrive ned ord og tankar.

– Eg har merka på elvane at det har vore ein dag prega av sorg. Det har vore mykje alvor og dei har vore meir dempa enn vanleg. På slutten av dagen var alle litt slitne, så då skifta me fokus og leika ein leik, seier Hovstad Taksdal.

Minnestund

Heilt sidan den forferdelege beskjeden om at Sunniva Ødegård var funnen drepen, har skulen brukt mykje tid å førebu seg til skulestart.

Minnestund på Varhuag

Heile skulen var i dag samla for å minnast Sunniva Ødegård.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

I tillegg til at klassen til Sunniva hadde eit eige opplegg, var også heile skulen var samla til felles minnestund. Her vart det diktlesing, musikk og rektor Stig Normann, las minneord for den drepne 13-åringen.

– Det har vore ein annleis skuledag. Dagen i dag har vore trist, men også litt god.

Rektor på Varhaug ungdomskule

Rektor Stig Normann.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Han håpar no at elevane og tilsetta kan starta å sjå fram over.

– Det finst ingen fasit på korleis slike dagar bør handterast, men me har gjort det me har trudd er rett. No skal elevane ta skulekvardagen tilbake saman med trygge vaksne, seier rektor Normann.