På måndag blir Stavanger-komikaren Kristian Valen 40 år. Bak seg har han ei lang og variert karriere som plateartist, radiovert, imitator, revyartist og med eigne TV-program.
Då NRK Rogaland laga sitt først TV-innslag om Kristian Valen var han 25 år, og skulle snart debutera med sitt eige sceneshow. Han hadde allereie gjort det bra som plateartist under namnet «Sibbe frå Sandnes».
Som 40-åring er Kristian Valen framleis svært aktuell, med TV-showet «Kanal Valen» og med showet «Fra Hillevåg til Hollywood», som han kjem til Stavanger med i november.
Send inn tips
«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland legg ut gamle TV-klipp på nett.
Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.