Hopp til innhold

– Eit tøvete tiltak som ikkje bør gjentas

Ordførarkandidaten til FrP i Stavanger, Tore B. Kallevig, går hardt ut mot «Bilfri dag» som blei arrangert sundag i Stavanger. Også politiet kan forstå at fleire bilistar reagerte med sinne då delar av motorvegen var stengt.

Tore B. Kallevig

Framstegspartiet sin ordførarkandidat i Stavanger meiner dei 400.000 kronene som blei brukt til å arrangera «Bilfri dag» i Stavanger kunne blitt brukt på viktigare ting.

Foto: Marius Vervik / Frp

Den bilfrie dagen som blei arrangert av Stavanger kommune sundag har blitt gjenstand for stor debatt. Ikkje lenge etter delar av motorvegen blei stengt blei det trafikkaos på omkøyringsvegane.

Bilistar blei rasande av å måtta stå i kø svært lengje på grunn av at motorvegen skulle bli brukt til sykling, grilling og andre arrangement.

– Tøvete tiltak

– Me kan alle vera etterpåkloke, men denne solide negative reaksjonen frå folk bør vera eit teikn på at dette er noko som nok ikkje bør bli gjenteke, seier Tore B. Kallevig, FrP sin ordførarkandidat i Stavanger.

Han meiner at det er det offentlege sin feil at folk i Stavanger er avhengige av bilar, og at det då blir feil å stengja av viktige ferdselsårer for å demonstrera at folk bør tenkja meir på miljøet:

– Dette er eit tøvete tiltak og det er berre symbolpolitikk som ikkje har nokon positiv verknad på miljøet i det heile. Me må ha fleire over på kollektiv i denne byen, men dette er feil måte å gjera det på, seier han.

VIDEO: Politiet forstår bilistane

Video Forstår at folk blei hissige

Sjå korleis folk reagerte på «Bilfri dag» i Stavanger sundag.

Har fått i gang debatt

Prosjektleiar for Bilfri By og miljøvernsjef i Stavanger kommune, Olav Stav, innrømmer at trafikkaoset som oppstod ikkje var planlagt, men meiner likevel at dagen var vellukka:

– Me har fått i gang ein viktig debatt rundt det å bruka bil, dessutan var dei som deltok på arrangementet på motorvegen svært nøgde, seier han.

Han legg likevel til at målet med dagen ikkje er å provosera bilistane, og at dei derfor vil ta lærdom av trafikkaoset som oppstod i år.

– Tanken er at dette skal vera eit årleg arrangement, til neste år har me tatt lærdom av årets arrangement, seier Stav.

Kallevik på si side meiner at «Bilfri dag» i Stavanger godt kan høyra historia til.

– Det kostar 400.00 kroner, tenk kor mange skulebøker me kunne kjøpt for den summen, seier han.