Hopp til innhold

Forsøkte å setta fyr på restaurant

Det braut ut brann på eit toalett på ein restaurant i Egersund sentrum i kveld. Politiet trur brannen var påsett.

Brann i Kniv & Gaffel i Egersund
Foto: Øystein Ellingsen / NRK

18.34 fekk brannvesenet melding om at det brann på toalettet til restauranten Kniv & Gaffel i Egersund. Brannen vart raskt sløkt, og då fann politiet spor som tyder på at brannen er påtent.

– Me fann restar av stjerneskot og eit stearinlys etter at brannen var sløkt, seier Karsten Tendenes, operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt.

Saka skal etterforskast på Egersund politistasjon, men dei har endå ingen mistenkte.

– Me ser alvorleg på at nokon forsøker å tenna på bygningar, seier Tendenes.

Brann på restaurant i Egersund
Foto: Øystein Ellingsen / NRK