NRK Meny

Forsøkt rana på Åkra

Ein mann skal i natt ha blitt forsøkt rana i nærleiken av Gutenberg pub på Åkra i Karmøy. Mannen melde frå om hendinga på legevakta. Han har forklart at ein mann som snakka engelsk, kom opp til han og ville ha pengar. Han stakk fornærma i olbogen, og hoppa på han slik at han fekk ein skade i armen. Hendinga skal ha skjedd kvart over to, og politiet ynskjer tips.