Hopp til innhold

Forsøk på å setja fyr på hus – politiet vil ha tips

Tre barn låg og sov i ein bustad på Bryne som blei forsøkt sett fyr på i natt. Politiet vil ha tips dersom nokon har sett noko mistenkeleg.

Justishuset på Bryne

Politiet vil ha tips frå publikum dersom dei har sett noko mistenkeleg aktivitet på rosselandsområdet på Bryne i natt.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Mannen som ringde oss måtte bruka makt for å koma seg ut ytterdøra i dag tidleg. Det stod nemleg ein papirdunk som var forsøkt påtent like utanfor døra, fortel operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt Brit Randulff.

To familiar

Då politiet kom på staden oppdaga dei at papirdunken var dynka i bensin.

– Nokon har prøvd å tenna på, men på ein eller annan måte har det sløkt, seier Randulff.

Politiet kan fortelja at det var sju personar inne i huset då det blei forsøkt påtent. Minst tre av desse var barn.

– Det er ein trebarnsfamilie som bur her. Dei hadde ein annan familie på overnatting i natt, fortel Randulff.

Vil ha tips

Dei har sikra seg spor i saka, men ønsker tips frå publikum dersom dei har observert mistenkeleg aktivitet i Rosselandsområdet.

Familien har inga meining om kven som kan stå bak ugjerninga eller kvifor det har skjedd,