Hopp til innhold
Fylkesrådmannen legger fram budsjettforslaget
Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Forslag til fylkesbudsjett for 2018

Oppsummert

Fylkesrådmannen legger i dag fram forslag til fyllesbudsjett for 2018

  • Hurtigbåten til Ryfylke er i fare

    Rogaland får 60-70 millionar kroner mindre pengar til båtruter dei neste fire åra, og konsekvensen kan bli nedskjeringar på hurtigbåtruta til Sand i Ryfylke. – Det tar ikkje fylkesrådmannen stilling til, men ein stad må kuttet gjerast, seier han.

  • Jørpelandsruta blir lagt ned

    Rogaland fylkeskommune får mindre pengar frå staten til å dekke båtruter i åra framover. Fylkeskommunen kjem til å mangle 20 millionar i 2019. Derfor foreslår rådmannen å leggje ned hurtigbåten til Jørpeland, når Ryfast opnar i januar 2020.

  • Meir til vidaregåande skular

    Fylkesrådmannen legg inn rehabilitering av Skeisvang Vgs i Haugesund i 2019. Det trengst også ein ny vidaregåande skule på Nord-Jæren frå tidleg på 2020-talet. Enten å kjøpe tilbake "Teknikken" på Våland, eller å ta i bruk ein bygning på Ullandhaug.

  • Tre prosent auke i bussbillettane

    Fylkesrådmannen foreslår også for 2018 at kollektivbillettane skal bli tre prosent dyrare. Det er større auke enn venta pris og lønsvekst. Også i fjor blei billettprisane auka med 3 %. Argumentet er betra busstilbod sett i verk sommaren 2016.