Ber folk bruke mindre buss og tog

Administrasjonen i Stavanger ber innbyggjarane om å bruke mindre buss og tog. I tilfelle folk må bruke kollektivtrafikk, så bør dei ha på munnbind.

Gabriella Lopez med munnbind på 20-bussen mellom Torshov og Carl Berner

Rådet om bruk av munnbind på buss, slik det er påbod om i Oslo, kjem truleg også til Nord-Jæren.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Kommunedirektør Per Kristian Vareide i Stavanger, kjem med ei rekke forslag til anbefalingar og forbod laurdag føremiddag, for å hindre koronasmitten i breie seg på Nord-Jæren..

Per Kristian Vareide er rådmann i Stavanger kommune.

Kommunedirektør Per Kristian Vareide sender ut sitt forslag til strengare reglar i Stavanger, for å få bukt med koronasmitten.

Foto: Marte Skodje / NRK

Det er politikarane i kommunen som skal gjere det endelege vedtaket i eit møte søndag ettermiddag.

Dette er forslaga

Innbyggjarane bør køyre mindre buss og tog. Må dei likevel bruke kollektivtrafikk og taxi, så bør dei bruke munnbind.

Bruk av munnbind gjeld også pårørande og andre som besøkjer alders- og sjukeheimar.

Kommunedirektøren foreslår forbod mot breiddeidrett og andre fritidsaktivitetar for vaksne i grupper over 10 personar.

Det blir påbod om registreringsplikt for å gjere ettersporingsarbeidet lettare, for arrangement med meir enn 20 personar.

– Dei nasjonale reglane seier 50 personar, så dette er ei innskrenking av regelverket, understrekar kommunedirektør Vareide.

Registreringsplikta gjeld også for gjester på serveringsstader.

Vågen i Stavanger sentrum

Kommunedirektøren vil ha registreringsplikt for gjester på utestadane i Stavanger.

Foto: Frida Ripland Moberg / NRK

Folk som kan, bør i større grad enn i dag, bruke heimekontor.

Går ikkje så langt som Bergen og Oslo

Sjølv om veksten i smitte har gått frå 27 tilfelle pr. 100 000 innbyggjarar for ei veke sidan, til 70 i dag, så går likevel ikkje kommunane på Nord-Jæren like langt som i Bergen og Oslo.

– Me har vurdert om me skal stenge ned for eksempel kino og treningssenter, men har foreløpig kome til at det ikkje er nødvendig, seier ordførar i Stavanger, Kari Nessa Nordtun.(Ap).

Kari Nessa Nordtun (Ap), ordfører i Stavanger

Ordføraren i Stavanger ber om at innbyggjarane finn tilbake til dugnadsånden frå mars i år. Då gjekk smittetala kraftig ned på kort tid.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Felles forslag for heile Nord-Jæren

Truleg blir politikarane samde om felles reglar for alle dei fire kommunane på Nord-Jæren, (Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg), når dei møtes på søndag ettermiddag.

Det nye lokale regelverket skal gjelde frå komande tysdag 10. november.