Hopp til innhold

Forskarar meiner dei har bevist at fatigue ikkje er latskap

Anita Hjertviksten Lindland meiner den største stigmatiseringa av sjukdommen hennar har skjedd i helsevesenet. Nå gir ny forsking håp om mindre stigma.

Anita Hjertviksten Lindland

HAR KOSTA JOBBEN: Anita Hjertviksten Lindland frå Talgje i Ryfylke har den kroniske sjukdommen Sjøgrens. Ein konsekvens av dette er at ho også har fatigue. Dette har mellom anna kosta henne jobben.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Sjå føre deg at energien din er som vatn i eit fullt badekar. Så tar nokon plutseleg ut proppen. På kort tid går alt vatnet ned i dragsuget.

Slik forklarer Anita Hjertviksten Lindland korleis det er å ha fatigue. Og ho får ikkje noko førevarsel om den sjukelege utmattinga.

– Det kan slå til når som helst. Når du nettopp har vakna, eller før du skal i gang med noko du har planlagt lenge.

Opplever å bli stempla som late

Likevel opplever mange av dei som har fatigue at dette ikkje er den største belastninga.

For det kan vera ei større belastning at folk ikkje forstår. Fleire opplever å bli stempla som late og tiltakslause. Løysinga som blir presentert kan vera at dei må ta seg saman.

– Den største stigmatiseringa har eg møtt frå helsevesenet. Dei seier at det ikkje viser noko på blodprøvane, og at livet i 30- og 40-åra med små barn er slitsamt for alle, seier Hjertviksten Lindland.

I tillegg har ho blitt sendt til unødvendige psykiske utgreiingar.

Grunnen til det er at det har vore lite kunnskap om kva fatigue eigentleg er. Fram til nå.

Ny forsking

For i dag presenterer Stavanger universitetssjukehus (SUS) ny forsking. Forenkla meiner dei å ha bevist at fatigue ikkje er latskap.

– Me har jobba med å forstå dette i ein biologisk samanheng. Det er viktig å forstå at dette ikkje er noko folk innbiller seg. Det er ein reell sak, seier Roald Omdal, professor og overlege ved Seksjon for klinisk immunologi ved SUS.

I 20 år har han forska på kronisk fatigue. Den same typen som Hjertviksten Lindland har. Og ifølgje tala hans er det mange som slit med dette.

– Om lag 7 prosent av befolkninga har fatigue knytt opp mot ein kronisk sjukdom. Ein fatigue som blir kalla signifikant, noko som vil seia at han pregar dei i kvardagen.

Cato Brede (til venstre) og Roald Omdal ved SUS.

Analytisk kjemikar og forskar Cato Brede og professor og overlege Roald Omdal har arbeidt med fatigue og forska på sjukdommen.

Foto: Svein Lunde / SUS

Nå har han lukkast med å påvisa biologiske mekanismar som skjer i blod, ryggmerg og hjernen hos folk med fatigue.

– Det vil gjera det lettare for helsevesenet å forholda seg til kronisk fatigue. Og det blir lettare å utvikla behandlingsmetodar.

Håp om ny behandling

Helseminister Bent Høie meiner også forskinga er viktig for ei stor pasientgruppe. Han meiner at det er trist å høyra kva erfaringar Hjertviksten Lindland har hatt med helsevesenet.

– Derfor er denne forskinga viktig. Det same er regjeringa sin jobb med eigne pakkeforløp for utmattingssjukdommar. For dette er ei pasientgruppe som blir sendt frå stad til stad. Og mange opplever møte med helsevesenet som ei stor tilleggsbelastning, seier Høie.

Korona-vaksine

Helseminister Bent Høie (H).

Foto: Terje Pedersen / NTB

For Anita Hjertviksten Lindland har fatigue gjort at ho har måtta gi avkall på store delar av det sosiale livet, ho har mista viktig tid med familien og ho er 100 prosent ufør.

Ho gler seg over forskingsresultata, både på vegner av seg sjølv, men også for dei som har opplevd verre former for stigmatisering enn ho sjølv.

– Eg er i alle fall så heldig at eg har ein familie rundt meg som trur meg.

Nå håper ho at forskinga på sikt kan bidra til utvikling av behandling som kan gjera folk friske frå fatigue.