NRK Meny
Normal

Forskar på universets første sekund

Ei lita gruppe fysikarar ved Universitetet i Stavanger forskar på ei av universets største gåter.

Illustrasjon som forestiller universet

MYSTERIUM: Forskarane meiner at for kvar 1 milliard antipartikkel som vart skapt, vart det skapt 1 milliard og 1 partikkel. Men korleis denne eine partikkelen kom til, veit ein førebels ikkje, og svaret vil ta lang tid å finne.

På toppen av Kjølv Egelands hus på Universitetet i Stavanger sitt ti forskarar som prøver å finne svar på kva som skjedde i det første sekundet etter Big bang.

– Det skjedde mykje i det første sekundet, men me er særleg interesserte i skapelsen av stoff. Det me prøver å finne svar på er korleis det er mogleg at det blei skapt fleire partiklar enn antipartiklar i universet, fortel professor Anders Tranberg.

Les også: 13,8 milliarder år på tre minutter

Det var han som for to år sidan tok initiativet til at Universitetet i Stavanger skulle forske på nettopp dette. For sjølv om forskarar fleire stadar i verda har prøvd å finne svaret, så er det framleis ei gåte.

Artikkelen held fram under bilete.

Anders Tranberg

Professor Anders Tranberg ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Partiklar og antipartiklar burde ha vore skapt etter forholdet ein til ein. Men når me ser universet så ser me at det faktisk er fleire partiklar enn antipartiklar, og det forstår me ikkje, seier Tranberg.

For når partiklar og antipartiklar møtes, utslettar dei kvarandre. Galaksar, stjerner og planetar vart danna fordi det var litt fleire partiklar enn antipartiklar.

Les også: Ekko frå Big Bang var støv

Forskarane meiner at for kvar 1 milliard antipartikkel som vart skapt, vart det skapt 1 milliard og 1 partikkel. Men korleis denne eine partikkelen kom til, veit ein førebels ikkje, og svaret vil ta lang tid å finne, fortel Tranberg.

– Det er vanskeleg. Og det er mange rundt om i verda som sitt og reknar på dette. Det einaste me veit er at skjedde allereie i løpet av det første sekundet etter Big bang.

– Ungt og entusiastisk miljø


Sjølv om mange har prøvd å finne svar på dette spørsmålet tidlegare, så er det ingen andre i Norge som forskar på nøyaktig det same som denne gruppa.

Fleire løyvingar frå mellom anna EU har gjort det mogleg å utvide gruppa. Forskarar frå både inn- og utland har kome til. Ein av dei er David Weir frå Skottland.

David Weir

Postdoktor i fysikk, David Weir.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Universitetet i Stavanger er ein bra stad å gjera denne typen forsking. Her er det unge folk med mykje entusiasme. Så det er heller ein fordel enn ein ulempe at dette er eit nytt forskingsmiljø, fortel Weir.

Les også: Halvparten av vatnet på jorda er eldre enn sola

Trur det vil ta ti år

Men å rekne seg fram til svaret kan ta opp mot 10 år.

Og det er ikkje sikkert at likninga som denne gruppa sitt og reknar på, viser seg å vera den rette.

Men skulle dei kome til å løyse den store gåta, ja då vil i alle fall nokon få ein nobelpris, meiner Tranberg.

– Det blir nobelpris, men den går ikkje til oss. Fordi det var nokon andre som hadde den opphavlege ideen til modellen me forskar på, seier Tranberg.

Men han legg til:

– Berre det å kunne bidra litt til å vise at denne modellen er riktig, eller ikkje riktig, er kjekt. Og så kan det vera at vinnarane gir oss ei flaske vin på veg tilbake frå Stockholm, avsluttar Tranberg.

Les også: Har funnet ny planettype – dette er en mega-jord