Hopp til innhold

Forskar med dårleg nytt til motstandarane: – Bompengar forsvinn aldri

Den «midlertidige» bomringen på Nord-Jæren er berre eitt eksempel på bompengeinnkrevjing som ikkje har blitt avslutta som varsla. På 17 år har bomringen rundt Stavanger-regionen blitt utvida seks gonger.

Bomring Tasta

13 KRONER: Ein gong kosta det 13 kroner for personbilar. I dag er prisen 22 – eller 44 kroner i rushtida. Her frå bomstasjonen ved Gabbas i Randaberg på E39 nord for Stavanger.

Foto: Torunn Westvik Tørneng / NRK

– Eg har dårleg nytt til dei som trur bompengar vil forsvinne: Det vil dei aldri, slår NTNU-forskar Morten Welde fast.

Forskaren kjem med den nedslåande beskjeden same dag som dei nesten 250.000 innbyggjarane på Nord-Jæren må venne seg til rushtidsavgift og 38 nye bomstasjonar.

– Det skuldast at politikarane arbeider for befolkningsvekst i heile landet, kombinert med at veksten i trafikken skal takast med kollektivtransport, sykkel og til fots.

Morten Welde

Morten Welde, forskar ved NTNU.

Foto: NRK

– Så dei som aksjonerer mot bompengar gjer det utan grunn?

– Dei vil ikkje lykkast. Eg har inga som helst tru på at bommane i byane blir fjerna. Dei blei fjerna i Trondheim for nokre år sidan. Då auka trafikken umiddelbart, spesielt om morgonen og ettermiddagen. Det tok ikkje lang tid før bomringen var tilbake igjen, svarar Welde.

Bomstasjon ved Stavanger universitetssjukehus

SPLITTER NY: Ein av dei 38 nye bomstasjonane, her ved Stavanger universitetssjukehus.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Den første bomringen på Nord-Jæren blei sett i verk i 2001. Den gong blei det lova at innkrevjinga skulle ta slutt i 2011, altså ti år seinare. Prisen for personbilar på ti kroner i rushtida blei skrudd opp fleire gonger gjennom åra for å auke inntektene.

Då inntektene framleis ikkje var store nok, utvida politikarane i 2011 innkrevjingstida til 2016. Dei vedtok også å krevje inn pengar i tre år ekstra, utover 2016, dersom det var nødvendig.

20 gonger meir i bompengar

I desember 2016 gjekk fylkestinget inn for den nye Bymiljøpakke Nord-Jæren.

Inntektene frå bomringen, altså det bilistane betalar, blir 20 gonger høgare frå 1. oktober 2018 enn då bommane gjekk ned på Nord-Jæren i 2001.

Bomring betalingsautomat

MYNTER: Før kunne du betale med myntar i bomringen på Nord-Jæren. Viss du skulle køyre gjennom fleire bommar den neste timen, kunne du ta vare på kvitteringa og skanne henne i neste bomstasjon.

Foto: Torunn Westvik Tørneng / NRK

– Det vil heilt klart bli mindre biltrafikk på Nord-Jæren no. Men blir reduksjonen for stor, så vil det gå utover inntektene frå bommane. Det kan igjen gå på kostnad av prosjekta som er planlagt.

– Men kvifor brukar styresmaktene pisk framfor gulrot?

– Det er mest effektivt å bruke pisken. Den som trur at trafikken vil gå ned berre ved å satse på kollektivtrafikk, er for optimistisk. Det prøvde dei i Stockholm, utan at det hadde noko som helst effekt på biltrafikken.

Opp mot 60.000 innbyggjarar, dei aller fleste med stemmerett, støttar Facebook-gruppa «Bomfritt Jæren – NOK er NOK».

Fortset dei å vera like engasjerte og forarga fram til neste val, kan det føra store endringar i det politiske landskapet lokalt, meiner Svein Tuastad, statsvitar ved Universitetet i Stavanger.

Svein Tuastad

Svein Tuastad, statsvitar ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Arbeiderpartiet, med Sandnes-ordførar Stanley Wirak i spissen, har til dømes tatt til orde for å fjerne rushtidsavgifta i bomringen.

– Skjelv i buksene

– I Sandnes og Stavanger ser politikarar at «ups, dette kan kosta oss veljarar», og så byrjar ein å posisjonere seg i eit spel som ikkje er heilt vakkert. Ein del politikarar skjelv slik i buksene at dei nesten ikkje er til å kjenna igjen.

Men skjelvinga er ikkje tydelegare enn at bomringen kjem til å bli ståande i 15 år, og truleg også lengjer, trur Tuastad.

– Det er ingen grunn til å tru at det blir slutt på eitt eller anna system der bilistar som forureinar må betale, eller ein eller annan type prisregulering for å få ned køane, seier han.

 Bomstasjon Bråstein Sandnes E39

BLIR BORTE: Bomstasjonen på E39 ved Bråstein i Sandnes skal ikkje krevje inn pengar når den nye bomringen på Nord-Jæren opnar. Dei som kjem sørfrå på E39 må i staden betale ein annan stad.

Foto: Gunnar Morsund / NRK