Hopp til innhold

Fornøgd med Tyrkia-svar

Fylkesmannen i Rogaland er fornøgd med svaret Stavanger kommune kom med i Tyrkia-saka.

I eit brev til Fylkesmannen held rådmannen i Stavanger fast på at kommunen ikkje var involvert i planlegginga av utreisa i Tyrkia-saka, og at kommunen ikkje godkjende metoden som blei valgt.

Fylkesmannen meiner rapporten gir svar på alle spørsmål, og sender den vidare til Statens Helsetilsyn.

Det var i 2006 to norsk-tyrkiske gutar blei henta til Norge, trass i utreise-forbod frå tyrkiske styresmakter.