NRK Meny
Normal

Kraftig auke i talet på straffesaker

Halvårstala til Stavanger Tingrett viser ei formidabel auke i talet på både straffesaker og sivile saker.

Norges lover
Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

– Stavanger tingrett har hatt ei formidla saksauke i første halvår i 2014, seier fungerande sorenskrivar, Tor Henning Auestad.

Han fortel at det har vore ei auke på 30 prosent i talet på sivile saker og 60 prosent i straffesaker.

– Ei så stor auke i straffesaker, kan ha samanheng med at dei har styrka bemanninga på Stavanger politikammer. Og at dei har retta blikket mot å få saker fram for retten, seier Auestad.

Tor Henning Auestad

Fungerande sorenskrivar, Tor Henning Auestad seier det blir ein travel haust.

Foto: Sven Jacob Mathisen / NRK

Blir raskare dømd

Leiar for påtale ved Rogaland Politidistrikt, Kristin Nord-Varhaug, delar oppfatninga til Auestad.

– Me har over lang tid vore opptekne av å få vekk etterslepet av saker. Me har hatt eit prosjekt frå 1. april fram til 1. juli. Men sjølv om dette prosjektet no er lagt ned, så mistar me likevel ikkje ressursane til å halde fram med å jobbe med restanse, seier Nord-Varhaug.

Kristin Nord-Varhaug

Kristin Nord-Varhaug seier dei har hatt meir fokus på restanse.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Dette fører til at tida blir kortare frå ein gjer ei straffbar handling til ein blir dømd for det.

– Det er slik me ønsker at systemet skal vera. Og me ser at me greier å følgjer normen for saksbehandlingstid, seier den fungerande sorenskrivaren.

Travel haust

Men han er likevel uroa for tida som kjem.

– Me ser store utfordringar med å kunne halde saksbehandlingstida på dette nivået, når me no får denne formidable auka. For auke i saksbehandlingstid det følgjer eit godt stykke etter me ser auken her, seier Auestad.

Og til hausten blir det mykje å gjera.

– Me har hendene fulle allereie frå august og utover. Så det blir ein krevjande haust for tingretten, avsluttar Auestad.