Hopp til innhold

Forlik i tingretten

Søksmålet Fred A. Ingebrigtsen og kona hans Ingrid Ottesen har køyrt mot Handelsbanken har nå enda med forlik.

Fred Ingebrigtsen i Stavanger tingrett

Fred Ingebrigtsen i Stavanger tingrett på måndag.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Dermed blir det ingen rettssak mellom dei to partane skriv Stavanger Aftenblad. Saka kom opp i retten etter at Acta-grundar Fred A. Ingebrigtsen, kona hans og selskapet hans Spring Holding saksøkte Handelsbanken for 424 millionar kroner.

På måndag då rettssaka skulle byrja trakk partane seg vekk for å diskutera eit mogleg forlik. Det blei etter ei stund avgjort at saka skulle bli utsett på ubestemt tid.

Onsdag kom altså nyheita om at det blir eit forlik i saka.

I forliket står det at partane nå er samde om at søksmålet mot banken skal trekkjast mot at gjelda til Ingebrigtsen, kona og selskapet blir redusert med 4,5 millionar kroner, i tillegg til morarenter.

I tillegg må banken avslutta tvangssal av eigendommar som allereie har blitt sett i gang.

Årsaka til at Ingebrigtsen og kona hans saksøkte sin eigen bank var at han meinte banken gav dårlege råd, noko som vidare førte til store pengetap. Søksmålet handla om 424 millionar kroner.

Innside-saka mot Ingebrigtsen og fleire andre tiltalte skal ikkje opp i retten før tidlegast neste vår.