– Avstanden mellom næringa og staten er svært stor, både når det gjeld innretning og den økonomiske ramma, seier forhandlingsleiar for jordbruket og leiar for Norsk Bondelag, Nils T. Bjørke.
Trass i avstanden ønskjer jordbruket å forhandle med staten før eit eventuelt brot.
– Når vi likevel vel å teste forhandlingsviljen til regjeringa, er det fordi dette jordbruksoppgjeret er heilt avgjerande for framtida til bøndene og norsk matproduksjon, seier Bjørke.
Forventar forhandlingsvilje
Jordbruket møtte staten fredag for å seie at dei vil forhandle om tilbodet Listhaug la fram tysdag. Ho tilbaud bøndene 150 millionar kroner meir enn i fjor, noko som ifølgje Landbruksdepartementet utgjer ein gjennomsnittleg lønnsauke på
3,5 prosent. Bøndene krev ti gonger så mykje.
– Vi forventar at regjeringa viser stor forhandlingsvilje, noko som er heilt avgjerande for å komme fram til ein jordbruksavtale, seier Merete Furuberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
Leiar for Bondelaget i Rogaland, Ola Andreas Byrkjedal, sit ikkje i forhandlingsutvalet, men han er positiv til at ein nå går inn i forhandlingar.
– Staten har signalisert at det finst forhandlingsvilje, så nå må me testa dette ut, men det må koma betringar og inrømmingar, seier han.
Mål om auka matproduksjon
Etter å ha gått igjennom forslaget frå regjeringa, meiner jordbruket at forslaget ikkje er i tråd med målet om å auke norsk matproduksjon. Det er ikkje Landbruksdepartementet samd i.
– Tilbodet følger opp målet regjeringa og Stortinget har om auka produksjon og landbruk over heile landet, sa departementsråd og forhandlingsleiar for staten, Leif Forsell tysdag.
I tillegg meiner departementsråden at tilbodet legg til rette for færre statlege avgrensingar i jordbruket og meir tilskot til dei som lever av jordbruk på heiltid.
– Dei fleste bøndene vil med dette oppleve ei svakare inntektsutvikling enn andre grupper i det norske samfunnet. Eit gjennomsnittleg gardsbruk, som utgjer ryggrada i det norske landbruket, kjem dårleg ut i tilbodet frå staten, meiner Bjørke.