Forfattaren debuterer i registolen

Etter eit besøk i Åna kretsfengsel vart forfattar Tore Renberg inspirert til å skriva eit teaterstykke. For første gang har han sjølv tatt regijobben, og neste veke er det klart for premiere.

Etter eit besøk i Åna kretsfengsel vart forfattar Tore Renberg inspirert til å skriva eit teaterstykke. For første gang har han sjølv tatt regijobben, og neste veke er det klart for premiere.

SJÅ REPORTASJEN: Renberg har skrive barneteater, dramatisert Gift av Kielland, og skrive Kaizers-musikal, men dette er regidebuten. Dessuten er det første gang han skriv teater utan at han har blitt bedt om det.

Neste veke har stykket «Femti flotte år med Frode Kommedal» premiere på Rogaland Teater. I åtte veker med prøvar har Renberg vore på fremste rad som regissør.

Tore Renberg
Foto: Erik Waage / NRK

– Eg jobbar på intuisjon. Eg har skrive dette stykket, så eg veit korleis eg vil ha det frå starten av. Men eg er fullstendig klar over at eg eigentleg har snike meg inn bakvegen, seier Renberg.

Han vart inspirert til å skriva stykket etter eit besøk på Åna kretsfengsel. Det handlar om menneske i dei meir skuggefulle avkrokane i rike Stavanger, slik han også har skrive om i sine to siste bøker.

Geggi held til i Pedersgata i Stavanger – den same gata hovudrolleinnehavar Espen Hana vaks opp i. I andre roller finn du Marianne Holter, Gretelill Tangen, Marco Kanic og Ingrid Rusten. Janove Ottesen har komponert musikken.

– Det er same impulsen som gjer at folk les krimromanar. Sjølv om dette er ein annan sjanger, så er det fascinasjonen for dei som, av ein eller annan grunn, lev eit liv på den andre sida av lova. Kvifor gjer dei det? Korleis klarar dei å leva i det, og kjem dei tilbake til samfunnet att? Eg tykkjer det er fascinerande, seier Renberg.

Espen Hana i "Femti flotte år med Frode Kommedal"

RØFT I PEDERSGATA: Hovudrolleinnehavar Espen Hana har også samarbeidd med Renberg om manuset.

Foto: Erik Waage / NRK