Hopp til innhold

Foreslår rushtidsavgift i Stavanger

Vegdirektoratet meiner det er nødvendig å betala avgift for å kjøra bil inn til Stavanger i rushtida. 

Kø fra Randaberg mot Byfjordtunnelen.Foto:NRK

Kø fra Randaberg mot Byfjordtunnelen

- Hensikten med å innføre slik avgift er å få ned trafikkmengden på vegane i rushtida. 

Det seier utbyggingsdirektør i Statens Vegvesen, Vegdirektoratet, Lars Aksnes.

- I dei største byane kan me ikkje lengre bygge oss ut av kø, kork og kaos, seier Aksnes.

Aksnes er klar på at det må setjast i verk fleire tiltak i tillegg til rushtidsavgift, for å få ned trafikken i sentrum av dei store byane i Norge.

Det viktigaste han nemner er at kollektivtrafikken må styrkast i forkant av innføring av rushtidsavgift.

- Tilsaman vil dette føre til betre utnytting av vegen og at behovet for  å byggje nye vegar eller å utvide dei eksisterande, blir redusert, seier Aksnes.

Lokal vilje

Fylkespolitikarane må gå inn for rushtidsavgift for at det kan innførast. 

- Derfor er det viktig at dei får bestemme kva type system som skal veljast for innkreving av rushtidsavgift, seier Aksnes.

Han er ikkje voldsomt optimistisk til kva fylkespolitikarane kjem til å gå inn for når det gjeld kor stor rushtidsavgifta blir.

-  Det kan synast som om ei moderat tidsdifferensiering av satsane i dagens bomring er det meste som kan oppnåast, seier Aksnes.