Hopp til innhold

Foreldre vil ha heimeskule når rasfaren er stor

Skulestart betyr at elevar på ny må ferdast på svært rasfarlege vegar. Nå vil foreldre ha heimeskule når rasfaren er stor.

– Eg tenkjer jo at det er skremmande! Det er store massar som kjem ned, og det viser kor lett dei kjem.

Familiefar Jon Egil Østerhus i Suldal i Rogaland har nettopp sett ein video som viser steinras i ei kontrollert oppreinsking i fjellsidene langs riksveg 13 der han bur.

Riksveg 13 har tidlegare blitt kåra til Noregs tredje verste veg, og er ein av dei mest rasutsette i landet.

Jon Egil og Børge Østerhus

Familiefaren Jon Egil Østerhus kjempar for at ungane hans skal få ein trygg skuleveg. Sonen Børge må køyre buss kvar dag på den rasutsette strekninga.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Vi kan jo tenke oss konsekvensane. Hadde det stått ein buss eller ein personbil på plassen i møte med ein annan bil, så forstår vi konsekvensane av det, seier han.

Han må senda to av ungane sine med buss på rasvegen dette skuleåret, slik at dei kjem til ungdomsskulen. Nå vil han og andre foreldre til ungdomsskuleelevane at kommunen innfører heimeskule når rasfaren er stor.

Store menger stein langs fjellsidene

Fjellreinsking den siste tida på riksveg 13, eit par kilometer sør for Lovraeidet i Suldal, vitnar om store mengder stein langs fjellsidene.

Fjellrensking Rv.13 i Suldal

Vegvesenet meiner oppreinskinga gir ein tryggare veg. Men ungdomskuleforeldra meiner det må langt større tiltak til for å fjerna rasfaren.

Foto: Vegvesenet

Oppreinskinga skjer etter eit steinras i juli. I februar gjekk det eit endå større steinras omtrent på same plass, i eit område kor det ikkje er planar om skikkeleg rassikring.

I fjor haust sa Statens vegvesen at dei ville løyve nær ein milliard kroner til rassikring, men ikkje akkurat der raset har gått dei siste gangane.

– Dette området er blitt tryggare etter at vi har vore her. Vi har fått ned store massar av stein, seier Rolf Anders Svensson, byggeleiar i Statens vegvesen.

Han legg til at dei dessutan har bestilt to omfattande rapportar for å kartlegga rasfaren på nytt.

Fjellrensking Rv.13 Suldal

Den kontrollerte oppreinskinga på riksveg 13 i Suldal vitnar om store mengder stein langs fjellsidene.

Foto: Vegvesenet

Vil at skulen skal varsla

Men foreldra er ikkje nøgde med det.

Det må langt større tiltak enn fjellreinsking til for å fjerne rasfaren, meiner dei.

– Vi tenker ekstra på det når det er dårleg vêr. Då meiner vi skulen bør varsla elevane om at det blir heimeskule, seier Østerhus.

Kommunen forstår uroa og seier dei vil leggja til rette for digital undervising når vegen er stengt.

– Foreldre kan etter loven søkje om heimeskule, seier kommunedirektør Karin Dokken Austvik.

Karin Dokken Austvik

Kommunedirektør Karin Dokken Austvik i Suldal forstår uroa, men kommunen vil ikkje ta ansvar for eit varslingssystem for heimeskule.

Foto: Suldal kommune

Elles gir ho ansvaret til Vegvesenet.

– Det er dei som opnar og stengjer vegen, så tar kommunen omsyn til det.

Men familiefaren skulle ønska kommunen tok meir ansvar.

– Det er dei som har valt å leggja skulen der han ligg, og då har dei også ansvar for at skulevegen er trygg.