Hopp til innhold

Psykolog meiner barn taper på slike innlegg

Når ein skal selje bambussokkar, dopapir, kaker og klutar til inntekt for lag og foreiningar, legg tidsklemma til rette for kjappe innlegg i sosiale medium. Men barna mistar viktig lærdom, meiner ekspertar.

Mange legger ut dugnaden på Facebook

EFFEKTIVT: Det er raskt og effektivt å gjere unna dugnaden på Facebook, men barna mistar viktig lærdom, meiner psykolog.

Foto: Skjermdump fra Facebook

– Det er spesielt. Det er jo vi som skal samle inn pengar til laget. Også må eigentleg foreldra gjere alt, seier Maiken Klovning Thorland (10).

Ho speler handball for Rival i Haugesund.

Malin Hovda og Maiken Klovning Thordal - halvnært portrett

– Ungane bør gå rundt sjølv og spørje om folk vil kjøpe i staden for at foreldra våre skal legge det ut på Facebook, synest Malin Hovda og Maiken Klovning Thorland.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

I haust selde dei bambussokkar til inntekt for klubben og laget.

Det vil seie.

Mamma la det ut på Facebook.

– Eg skreiv eit innlegg og selde veldig mange sokkar på ti minuttar. Dotter mi var med og leverte ut til naboar, men ho gjorde jo ikkje dugnaden sjølv, seier Anette Thorland som er mor og handballtrenar.

Men ho saknar tida då ungar ringde på med loddbok.

Anette Thordal - portrett

Det er enkelt å legge ut ei annonse på Facebook. Men det går an å involvere ungane meir i salsdugnadar på sosiale medium også, meiner handballtrenar og mamma Anette Thorland.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Viktig lærdom i barndommen

– Det er i større grad vi foreldre som gjer dugnaden nå. Og dei gongene ein får ungar på døra blir ein så sjarmert at ein kjøper for det er ikkje så ofte det skjer, seier ho.

Men både Maiken og venninna Malin Hovda (11) ønsker å ta større del i dugnaden. Dei trur at det er lærerikt.

– Foreldre og ungar bør gjere dugnad i lag, ikkje berre foreldra. Vi kan lære å vere sjølvstendige og aktive, seier jentene.

Psykolog og lykkeforsker Ragnhild Bang Nes

Psykolog og seniorforskar på Folkehelseinstituttet, Ragnhild Bang Nes.

Foto: Astrid Waller

Psykolog og seniorforskar på Folkehelseinstituttet, Ragnhild Bang Nes, er einig med ungane.

– Ein føler gjerne at det er praktisk å legge ut sal av toalettpapir eller sokkar på sosiale medium når poden skal til Polen eller på korpstur. Det lettar jo oppgåva, men eg trur ungane taper på det ved at dei ikkje får vere med og tatt ansvar. Ein mistar moglegheita til å delta, tilføre verdi og lære seg nye ferdigheiter, seier ho.

Treng meir pengar enn før

Kombinert med tidsklemme har dei nye måtane å drive dugnad på komme for å bli.

Det kostar meir pengar nå enn før å drive med idrett, seier Pål Kristen Rønnevik, leiar i Noregs idrettsforbund digital.

Pål Kristen Rønnevik, Leder NIF Digital, Norges Idrettsforbund

Leiar i NIF Digital, Pål Kristen Rønnevik.

Foto: Norges Idrettsforbund

– Det er kjappare for foreldre å bidra på den måten. Det kostar meir å vere ein del av idretten og dei nye inntektskonsepta gjer det mykje enklare og raskare for ein del foreldre, seier Rønnevik.

Men han har sjølv jobba dugnad då han var yngre. Og seier gjerne ja takk til begge deler.

– Eg er heilt einig i at vi mistar ein dimensjon. Då eg vaks opp hadde vi som lag ein dugnad der vi samarbeida om å løyse oppdrag for bedrifter og fekk pengar tilbake. Det hadde ein sosial effekt samtidig som det ansvarleggjorde oss, seier han.

Frivillige barn blir frivillige vaksne

Audun Fladmoe har tidlegare forska på betydninga av frivillig arbeid, og ifølgje han er det viktig at barn deltar.

Forsker Audun Fladmoe ved Institutt for samfunnsforskning blir intervjuet

Forskar ved Institutt for samfunnsforsking, Audun Fladmoe er ein av tre bak rapporten «Betingelser for frivillig innsats», som kom i 2015.

Foto: Svein Ommundsen / NRK

– Forskinga tyder på at både det at ein sjølv har vore aktiv i foreiningsliv under oppveksten og at foreldra har vore aktive då ein var barn, har betydning for om ein sjølv fortset som frivillig når ein er vaksen, seier Fladmoe.

Neste gong handballaget til Anette Thorland arrangerer dugnad vil ho løyse det litt annleis.

– Eg likar jo at det er effektivt, men eg trur me foreldre kan vere meir bevisst og inkludere ungane meir. Når ein har publisert Facebook-innlegget står det framleis att pakking, utrekning og organisering. Så det er absolutt mogleg å ta ungane med, seier ho.